Rett frå skulebenken til skodespelarjobb!
Når du kjem til Høgskulen i Volda (HVO) for å studere skodespel og scenekunst, kan du vere trygg på at du vil få ei utdanning som gjer deg klar for yrkeslivet. For nyutdanna Khaled Moussa har studiet gitt han meir enn berre fagkunnskap – det har ført han rett ut i arbeidslivet som profesjonell skodespelar.
Våren 2021 starta Khaled på bachelor i skodespel og scenekunst (før: teater og drama) ved HVO, rett etter vidaregåande. Til trass for at han hadde lite erfaring innan feltet, oppdaga han tidleg ein indre motivasjon og lidenskap han ikkje var klar over at han hadde.
– Før eg begynte å studere ved HVO, var det musikk som var det store for meg. Likevel var det noko ved teater og drama som verka interessant, og etter nokre litt tilfeldige samtalar med ein av lærarane ved studiet var eg ikkje i tvil om at dette var noko eg måtte teste ut, fortel Khaled.
For kort tid etter oppstarten i 2021 hadde Khaled oppdaga ein lidenskap for fagfeltet. I starten var det teater og scenekunsten som pirra mest, men utover i studiet dreiv interessa og nysgjerrigheita den ferske skodespelar-studenten mot film og serie-bransjen.
– Det var breidda av studiet som i starten gjorde det særs interessant. Uansett om ein kjem hit med erfaring eller starta på bar bakke, slik som eg gjorde, så legg studiet til rette for at ein får innføring i dei fleste kunstformene innan teater og drama. Og nettopp denne breidda gav meg tydelege svar på kva eg ynskja å jobbe fram mot, fortset ein engasjert Khaled.
I dag jobbar Khaled som profesjonell skodespelar for Spygames – ein leverandør av aktivitetar, kurs, teambuilding og utdrikkingslag. Tilboda set deltakarane inn i ulike handlingar, tilpassa kva type aktivitet dei har booka, kor målet er å løyse ei oppgåve gjennom møte med ulike karakterar. Khaled har to faste karakterar som han spelar under disse aktivitetane. I tillegg til dette er han også aktiv på plattforma TikTok, der han også nyttar skodespelarkunnskapane sine.
Frå lidenskap til karriere
Han fortel at det er erfaringar frå studiet og nettverksbygging som har vore nøkkelen for han.
– I Volda deltok eg både i skule- og fritidsprosjekt som gav meg fleire referansar innan blant anna kortfilm og profesjonelle oppsetjingar, som var gull verdt for vegen vidare. For uansett kor mykje ein studerer betyr nettverk og erfaring alt, hevdar Khaled, og understrekar også kor viktig der er å ta initiativ og nytte seg av moglegheiter som dukkar opp.
Kvifor bør ein vurdere skodespel og scenekunst i Volda?
For dei som vurderer ein karriere innan skodespel og scenekunst, har Khaled eit klart råd:
– Alle kan bli gode skodespelarar uansett bakgrunn og nivå, men det krev innsats. Vidare ynskjer eg å påpeike at skodespel og scenekunst i Volda tilbyr eit fantastisk grunnlag med dyktige lærarar som har utruleg mykje praktisk erfaring på profesjonelt nivå samt fagleg tyngde. I tillegg til dette treng ein berre å bevege seg 200 meter frå klasserommet for å finne framtidas mediebransje. Nettverket ein kan bygge med medstudentar frå blant anna medieproduksjon og dei dyktige lærarane gjer moglegheitene for å lukkast endå større, avsluttar Khaled.
- Høgskulen i Volda har også årsstudium i teaterproduksjon. Studiet er identisk med første året av bachelor i skodespel og scenekunst ved Høgskulen i Volda, og vil bli godskrive denne graden om du ønskjer å studere vidare.