05. februar 2018Kulturfag-studentane mest nøgd i VoldaResultata frå Studiebarometeret 2017 syner at det er studentar på dei estetiske faga, kunst og musikkfag som er mest fornøgde med kvaliteten i studieprogramma ved Høgskulen i Volda.
02. februar 2018Opa forelesing med Thorvald StoltenbergTysdag 6. februar kjem tidligare utanriksminister Thorvald Stoltenberg til Høgskulen Volda for å halde innleiingsforelesinga på kurset «Media and the Cold War». Stoltenberg vil gje eit innblikk i norsk utanrikspolitikk frå den andre verdskrigen fram til slutten av den kalde krigen. Forelesinga er på engelsk og er open for alle.
01. februar 2018Bak kamera i stor NRK-produksjonGjennom ti veker har ti studentar frå Høgskulen i Volda vore med på å produsere NRK si nye dramasatsing – serien Heimebane.
01. februar 2018– En medieutdannelse i Volda virket fristendeDanske Simone Kofod Nørgård drømmer om å jobbe i barne-tv. Derfor begynte hun på journalistutdanningen i Volda.
30. januar 2018Rekordmange gjestar til Internasjonal dagOnsdag 7. februar er det igjen duka for Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda. Det vert eit fargerikt og mangfaldig program i Berte Kanutte-huset frå kl. 11.30-14.30.
29. januar 2018Spire til meir samarbeidSjustjerna Helse og omsorg, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda arrangerte fagdag i geriatri for helsepersonell 25. og 26. januar, med kring 140 deltakarar frå Søre Sunnmøre og Nordfjord.
25. januar 2018Sjå styremøte i opptakVi strøymde årets fyrste møte i høgskulestyret torsdag 25. januar. Styret diskuterte mellom anna planar for 2018 og utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet for 2019-2021.
24. januar 2018BOA blir kunstnarleg samarbeidFørstelektor i teater Vibeke Preus Bech, har sidan hausten 2017 vore del av Volda Vidaregåande sitt musikal prosjekt: Cry Wolf, og no er snart BOA-prosjektet klart for premiere.
22. januar 2018Nyttårskonsert med flotte soloinnslagSymfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda ligg i hardtrening – ikkje til OL, men til den tradisjonsrike Nyttårskonserten som går av stabelen på Berte Kanutte-huset laurdag og søndag 27. og 28. januar.
19. januar 2018Auste av sin kunnskap frå scenaTeater og drama-studentane fekk eit nyttig innblikk i kva som kan møte dei i arbeidskvardagen når dei tidlegare studentane, Borghild Otelie Aasebøstøl og Ørjan Steinsvik, underviste og fortalde om sine yrkesliv.