Kulturfag-studentane mest nøgd i Volda

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Mandag 5. februar vert tala frå det landsomfattande Studiebarometeret offentleggjort. Resultata syner at ved Høgskulen i Volda er det studentar på dei estetiske faga, kunst og musikkfag som er mest fornøgde med kvaliteten i studieprogramma. 

– Dette er svært gledeleg, seier rektor Johann Roppen. – Spesielt ser vi at musikk har hatt ein stor framgang sidan 2015. Programmet har lagt ned eit omfattande arbeid med å forbetre kvaliteten, noko som viser igjen i studentvurderinga. 

Kunst og handverk på topp 

Sjølv om studentane på musikk gir gode tilbakemeldingar i Studiebarometeret, er det likevel studentane på Kunst og handverk som er dei mest fornøgde studentane på Høgskulen i Volda, med poengsummen 4,7 på ein skala der 5,0 er det høgaste ein kan kome. – Dette syner at kort veg mellom student og lærar har mykje å seie, seier Roppen. 

Nedgang frå i fjor 

Studiebarometeret er ei undersøking som vert sendt ut til over 60.000 studentar kvar haust og vart gjennomført i tidsrommet oktober/november 2017. Spørsmåla femner breitt og omhandlar til dømes i kor stor grad studentane er nøgde med moglegheiter til påverking av studieprogrammet, kor relevant programmet er for framtidig yrkesliv og administrativ tilrettelegging. – Tala syner dessverre at Høgskulen i Volda har eit dårlegare resultat i år enn i fjor, og dette er noko vi tek på høgste alvor, seier Roppen. – Vi går frå scoren 4,1 i 2015 og 2016 til 3,7 i 2017. Dette tok vi tak i med det same vi fekk vite resultata for nokre veker sidan. Vi starta straks ein gjennomgang med fagmiljøa og studentane, forklarar rektor.  

Forbetringar skal kome alle studentar til gode 

Roppen og Groven
Rektor Johann Roppen og Prorektor Jens Standal Groven tek resultata frå Studiebarometeret på alvor, og har starta ein gjennomgang med fagmiljøa og studentane.

Deltakarane i studiebarometeret er 2. årsstudentar på bachelorutdanningar og masterutdanningar, og svarprosenten for Høgskulen i Volda har dei tre siste åra vore blant dei høgste for statlege høgskular og universitet i heile landet. I 2017 var det 72 prosent av studentane som deltok i undersøkinga. - Det er klart at når så mange svarer viser det at studentane er engasjerte i studiemiljøet sitt. Og vi får eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med kvalitetsutvikling ved høgskulen. Sjølv om det berre er eitt kull som utgjer respondentane for undersøkinga, er vi opptekne av at det som kjem fram i undersøkinga skal føre til forbetringar som kjem alle studentar til gode, seier rektor Johann Roppen. 

Er i dialog 

- Resultata frå Studiebarometeret viser at halvparten av utdanningane ligg på landsgjennomsnittet eller betre, men at vi har ei utfordring på dei store, tradisjonelle utdanningane våre og nokre av mediefaga. Det er for tidleg å peike på direkte årsaker for einskildstudium, men vi har og skal ha tett dialog med både studentar og fagmiljø om dette framover. Våre eigne kvalitetssystem tyder ikkje på at vi har grunnleggande kvalitetsproblem og eksamensresultata til jul var gode for mange av studentgruppene som signaliserte problem i Studiebarometeret. Vi har effektive studentar som gjennomfører bachelor raskare enn alle andre i landet. Dei er altså landets mest effektive studentar, og det er vi svært stolte av, avsluttar rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.

Del på