2023: Store steg for utdanning og forsking

Tekst: Webmaster Volda , Foto: Lea Albertsen | HVO

- Oppdatert

I 2023 har HVO fått godkjent to nye mastergrader, og teke store steg mot å få ny doktorgrad. SiVolda har innført hybelgaranti for nye studentar. Året som snart er omme dannar eit solid grunnlag med kompetanse for eit betre samfunn.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og prorektor Eirik Søvik har nytta romjula til å ta eit tilbakeblikk på året som snart er omme.

Året som dannar grunnlag for eit sterkare HVO

Det er berre timar att til 2023 er over.

Studentane har avslutta eksamenar, og bur seg på eit nytt studieår. Mange fortel også vener og familie om korleis og kvifor dei bør søkje seg til studiebygda Volda i 2024. Alle tilsette har bidrege for at studium, forsking og drift har gått godt gjennom året. Og vonleg har de alle fått kvile ut i julehøgtida.

Vi har følgt Høgskulen i Volda i ulike roller over fleire år, og frå hausten blei vi nytt rektorat. Vi har hatt gleda av å juble over viktige framsteg for HVO. Sterkast er likevel gleda av å møte dykk alle når vi ser de gjer noko de elskar: Forskaren som fortel om den nye publikasjonen. Studenten som blomstrar på scena under revyen. Kollegaene som kjem bort for å fortelje om noko nyttig, kjekt, spennande eller artig dei har gjort. Det er alle desse augneblinka som skapar Høgskulen i Volda. Vi må ta vare på – og styrkje – samtalene og samhandlingane oss i mellom. Når studentar, alle tilsette og alle fag arbeider i hop når vi viktige mål. Det har året som har gått vist oss.

Vi har sett nærmare på fem viktige utviklingstrekk ved HVO som vi meiner er sentrale for Høgskulen i Volda for framtida.

1. To nye masterutdanningar og ein ph.d.-grad på veg

Etter langsiktig satsing og målretta arbeid har vi i 2023 fått godkjent to nye mastergrader av NOKUT, nemleg master i barnevernsarbeid, som byrja allereie i haust, og master i natur, kultur og sosial berekraft, som truleg fyrst kjem til å byrje i 2025.

Det viktigaste for at HVO skal få sin rettmessige plass i UH-landskapet er det svært positive utkastet til kommisjonsvurdering av søknaden om å tilby doktorgradsutdanning i

Når vi vonleg får endeleg vedtak i NOKUT-styret, må HVO setje i gang arbeidet med å realisere doktorgrada som ein del av den daglege verksemda vår.

2. Auka forskingskompetanse på Høgskulen i Volda

Doktorand Elisabeth Busengdal med rektor, dekan og hovudrettleiar.
Elisabeth Busengdal disputerte ved HVO i 2023. Her flankert av HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og dekan Jorunn Sem Fure ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Heilt til høgre står HVO-professor Roar Amdam, som var hovudrettleiaren til Busengdal. Foto: Steinarr Sommerset | HVO

Gjennom dei siste åra har HVO arbeida målretta med forsking og kompetanseheving. I 2023 har vi sett tydelege resultat av dette. Sju av våre tilsette disputerte med doktorgrad, og vi har mange fleire på veg med nesten 60 tilsette som er i doktorgradsløp. Heile 56 % av våre faglege tilsette har no fyrstekompetanse eller toppkompetanse. Det er ein oppgang på 6 prosentpoeng frå året før. Delen med professor- eller dosentkompetanse har også auka til over 16 prosent, slik det er registrert i DBH. Ekstra gledeleg er det at fleire har fått opprykk etter innrapporteringa, slik at vi allereie no veit at tala aukar også for 2024. Dette er svært viktige og gledelege resultat for HVO, og vi ser det også att i auka forskingsaktivitet og styrka fagleg tyngd i utdanningane våre.

3. Studiebygda Volda har hybelgaranti og frys bustadprisane for 2024

Studentane treng også ein plass å bu, og er alltid velkomne hit til studiebygda vår!

Så vidt vi veit er Studentsamskipnaden i Volda den einaste studentsamskipnaden som i 2023 innførte hybelgaranti for studentane våre. Dei er også ein av få samskipnadar som også har fryse husleiga. Dette er viktig signal til studentane våre om at Volda framleis skal vere ein av dei billigaste plassane for studentar å bu, etter at NSO kåra Volda til den billegaste plassen å bu for studentar i 2022.

4. Endringar i teknologi og økonomi verkar inn på oss

Den store framveksten av tilgjengelege tenester med kunstig intelligens (KI) opnar for nye metodar i forsking og utdanning, men skapar også utfordringar. Som akademisk institusjon må vi møte ny teknologi med nyfikne og finne ut korleis dette endrar samfunnsområda vi arbeider med og i. Læringsverkstaden og ei arbeidsgruppe som arbeider med KI er viktig framover i arbeidet med å ta i bruk ny teknologi på ein nyfiken, god og trygg måte.

Endringane i privatøkonomi, signal om stadig strammare offentlege budsjett og dei store omstillingane verda går gjennom verkar også inn på oss. Signala om økonomien framover er at veksten vi har vore gjennom dei siste åra flatar ut, samtidig som forventningane til høgskulen held fram med å auke. Og det er allereie synleg i kvart avdelingsbudsjett, og pregar allereie korleis vi tenkjer strategi framover.

5. Studentfrivilligheita er annleis, men på veg opp att

Veit du at Høgskulen i Volda er den einaste høgskulen i landet med eit eige symfoniorkester? Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og HVO har vore nære samarbeidspartar i 75 år. Symfoniorkesteret har jamlege konsertar, og om ein liten månad så spelar dei i Operahuset på Nordfjordeid under oppsettinga av balletten Nøtteknekkaren. I orkesteret er normalt både tilsette og studentar på HVO aktive, og er saman med mange andre lag og organisasjonar ein viktig del av eit blømande studentmiljø i Volda.

Konsert på studenthuset rokken
Foto: Torstein Sperstad | Studenthuset Rokken

Til liks med frivillige musikarar er Volda også avhengig av frivillige studentar som legg ned ein viktig innsats i å bygge eit godt studentmiljø. Og ei av fleire etterverknadar etter koronapandemien er at det har vore vanskeleg å få i gang studentfrivilligheita på studenthuset Rokken igjen. Studentsamfunnet i Volda har lagt ned ein stor innsats gjennom året for engasjere studentar til å delta i å bygge studentmiljøet, noko som har gjeve gode resultat. Men det er endå god plass til fleire frivillige, sjekk ut høva til å bidra her.

Karaokekveldar byr på latter, glede og song!
 Sjølv på ein måndag kan Rokken vere den råaste plassen i Noreg!

Frampeik til 2024

Vi ser at 2023 danna eit svært godt grunnlag til å byggje utdanningane og forskinga ved HVO endå sterkare framover. Verdiane våre er at både studentar og tilsette, skal vere nysgjerrige, tett på og vidsynte. Vi opplever verdiane i røynda kvar dag, og ser at dei er gode ledestjerner for oss framover.

Dei økonomiske utsiktene vil påverke oss i større grad i åra etter 2024, og vi må bruke 2024 til å førebu oss på det. Vi må sjå nærare på korleis dei økonomisk framtidsutsiktene og ny budsjettmodell i UH-sektoren treff oss, samtidig som vi også ikkje let økonomisk utryggleik verte for dominerande. Det er viktig å halde fram med å byggje gode utdanningar, forskarutdanningar og forsking for å sikre ein sterk høgskule i Volda også i framtida.

Og sist men ikkje minst kjem jo sjølvsagt spørsmålet om vi skal verte universitet eller ikkje. Det ser ut til at universitetskriteria vert endra, slik at det held med ei doktorgrad for å verte eit universitet. Og då må HVO også vurdere kva vi skal gjere og tenkje framover. Vi må finne svaret på det vanskelege spørsmålet om vi skal halde fram som ein av få høgskular i framtida, eller om vi skal vi arbeide for å verte eit universitet? Her må heile organisasjonen vere med å bidra med tankar, som dannar grunnlag for ein ny strategi.

Prorektor og rektor ved Høgskulen i Volda
F.v: Prorektor Eirik Søvik og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Foto: Vilde Moltudal Igland | HVO

Rektoratet ynskjer til slutt alle studentar og tilsette eit riktig godt 2024, og oppmodar alle om å stoppe oss i gangane og slå av ein prat når de ser oss!

Nyt året!

Beste helsingar frå Eirik og Odd Helge

Del på