50 år med historie ved historisk institutt

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Torsdag 3. november markerte historisk institutt ved Høgskulen i Volda (HVO) at det i haust er 50 år sidan historiestudiet i Volda vart starta opp. Både tilsette og veteraner med lang fartstid ved instituttet vart bedd inn til jubileumsseminar.

Har du lyst til å bli en del av de neste 50 årene ved historisk institutt? Se våre spennende studietilbud her.

Seminaret hadde tittelen Grenseområde og kontaktsoner og vart innleia ved at instituttleiar Harald Krøvel drog opp nokre lange linjer i historia til instituttet. I utgangspunktet var det eit studium i lokalhistorie som vart oppretta hausten 1972, og framleis er lokalhistorie ein viktig del av studietilbodet ved HVO.

Dekan på Avdeling for samfunnsfag og historie, Randi Bergem, hadde gått i arkiva til høgskulen, og ho kunne gje eit spennande tidsbilete frå ulike periodar i historia til instituttet.

Med på seminaret var også Jon Tvinnereim, som saman med Hallvard Nordås var fagleg ansvarleg for oppstarten av historiestudiet i 1972. Andre veteraner med lang fartstid på instituttet var også til stades: Atle Døssland, Arnljot Løseth og Arnfinn Kjelland.

Utgjeving av antologi

For den oppgjevne tematikken hadde instituttet fått med seg historikarane Ian Grohse frå Universitetet i Tromsø, Terje Joranger frå Norsk utvandrarmuseum på Hamar og Susann Holmberg frå Høgskulen på Vestlandet, til å halde føredrag. I tillegg deltok seks av instuttet sine eigne tilsette med innlegg. Desse føredraga og innlegga vil danne utgangspunkt for ein antologi som etter planen skal kome på Cappelen Damm Akademisk i løpet av hausten 2023.

På kvelden heldt feiringa fram med middag og hyggeleg samvære på Rekkedal Gjestehus.

Deltakarane ved markeringa for historisk institutt
Deltakarane ved markeringa for historisk institutt

Bakgrunnen til historisk institutt

Utdraga er henta frå boka Frå Volda til verda – fjerne og nære kulturmøte av forfattarane Atle Døssland, Arnfinn Kjelland, Harald Krøvel og Marte Sinderud (red). I forbindelse med 40-årsmarkeringa til historisk institutt i 2012.

Volda som distriktspolitisk skulestad.

Historien til historisk institutt er tett knytta opp mot grunnlaget for opprettinga av distrikshøgskulane (DH-skulane) i dei politisk urolege 1960-åra. Det vart ein konkret politisk målsetting at utkantsområda og distriktene skulle styrkjast. Ein gjekk bort frå å berre ha den tradisjonelle rolla med å levere råvarer for vidareforedling i sentra. Også distrikta skulle ha del i dynamikken i sentrumskulturen. Ikkje minst gjaldt det høgare utdanning og forsking. Samstundes måtte utdanning og kunnskapsproduksjon i distrikta tilpassast distriktsbehova. Både ut frå distriktspolitiske og skulepolitiske målsettingar vart det rimeleg å leggje en DH-skule i Volda, ei fjordbygd med både skule- og nynorskmiljø. Som bondebygd med gamle tradisjonar for folkeopplysning, og jamvel med ein hundreårig tradisjon i høgare utdanning, peika Volda seg ut som en naturleg stad for ein DH-skule.

Tverrfaglege omsyn

Dei som la planar for nye studium ved ein DH-skule i Volda, tok omsyn til behov for lokal kompetanse og arbeidskraft for fleire av studia. Det gjaldt utdanning for journalistar, kateketar, sosialpedagogar, planleggjarar i kommunane eller kulturarbeidarar. Ein såg behov for folk i arbeidslivet rundt i kommunane som kunne litt av kvart, slik at dei kunne utføre oppgåver både i private bedrifter og det offentlege. Ikkje minst tok studieplanane omsyn til at dei som vart utdanna ved DH-skulane, skulle kjenne bygdene og bygdemiljøa.

Ein hovudtanke i planane for mange av studieplanane for DH-skulen i Volda var at dei skulle vere tverrfaglege. Studiet i lokalhistorie skulle til dømes vere ein del av det viktige lokalsamfunnstudiet, og det vart også tankar om at det burde vere eit støttefag for mediestudiet ut frå vurderinga at samfunnsplanleggjarar og journalistar burde ha ei historisk og ikkje minst lokalhistorisk ballast.

Historiestudiet skulle ha ein komponent med sosiologi. Professor i sosiologi, Tore Lindbekk, og dosent i lokalhistorie, Halvard Bjørkvik, begge ved Universitetet i Trondheim og Hans Try ved Norsk lokalhistorisk institutt var med å lage utkast til fundamentet for studium i lokalhistorie ved DH-skulen i Volda.

Utagerande studentar

DH-skulen var i 1971-72 prega av nye fag og lærarkrefter med høgst ulik bakgrunn. Mange av studentane og somme av dei tilsette på DH merkte seg ut i Volda-samfunnet både i levevis og i framtoning. Dei "innfødde" hadde erfaring med stillfarande, hardt arbeidande lærarskule- og gymnaselevar, og slett ikkje alle i bygda sette pris på den noko meir utagerande livsstilen mellom DH-studentane. Fleire av amanuensane i kollegiet braut også med den typiske A4-modellen på lærarskule og gymnas. Eit TV-program om DH-skulen i Volda våren 1972, leidd av Andreas Skartveit, i det nye høgskulebygget på Myrane i Volda, viste at det var spenningar mellom skule- og bygdemiljøet. Inntrykket av ein ny og kontroversiell kultur var komen til skule- og kulturstaden Volda vart forsterka. Somme av dei nytilsette ved høgskulen som kom utanfrå, har fortalt at dei var usikre på om dette var ein stad der ein burde slå seg ned.

Nyskaping

Det vart stor diskusjon i landet om kva lokalhistorie skulle vere for noko. Ein ynskja at lokalhistorie skulle skrivast og utviklast på bygdefolket eller bygdesamfunnet sine eigne premissar. Slik la dem første historieplanen ved DH-skulen Volda vekt på at lokalhistorie burde skivast for folk flest og ta opp emne som var lite prioriterte i tradisjonell akademisk historie. Lokalhistoriestudiet i Volda vart sett i gang hausten 1972 utan nemmande tid til planlegging. Styret for skulen bestemte at det straks skulle takast opp studentar til studiet endå ein berre hadde ein førebels plan å gå etter. Dei to første tilsette på "linja", Hallvard Nordås og Jon Tvinnereim, og det første studentkullet på sju, måtte så byggje vegen medan dei gjekk. Studieplanen var ikke godkjend, og det var ikkje lett tillgang på faglitteratur som gav innsyn i lokalhistorie. I oktober reiste Hallvard Nordås til Oslo for å kjøpe inn litteratur til studiet. Skulen hadde pengar, og fullmaktene var vide. At det vart kjøpt inn ein god del sosialantropologisk litteratur som vart svært lite brukt, fortel litt om kor uferdig studieplanen var. Den måtte lagast parallelt med undervisning.

Framleis lokalhistorie ved HVO

Historiestudiet ved HVO har i dei tiåra som har gått sidan starten gjennomgått store forandringar. Studiet er i dag meir eit vanleg historiestudium som andre tilsvarande ved høgskuler og universitet. Det lokalhistoriske preget på studieplanen har minka. Men det er tydeleg at lokalhistorie framleis er med i aktiviteten til dei tilsette og i undervisninga ved historiestudiet. Historikarar ved HVO har vore sentrale i arbeid med fleire kommune- og regionhistorier som har blitt til til på Nord-Vestlandet. Det bør også nemnast at mange av dei tilsette ved høgskulen gjennom åra har gjeve viktige tilskot til lokalhistorisk kunnskap med vitskapelege artiklar i fagtidsskrift og årbøker.

Del på