– Aldri for seint å ta meir utdanning

Høgskulen i Volda tilbyr ei rekke etter- og vidareutdanningar. Svein Olav Kruse sprudlar etter at han sette seg på skulebenken nesten 40 år etter at han studerte der sist.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Høgskulen i Volda tilbyr ei rekke etter- og vidareutdanningar. Svein Olav Kruse sprudlar etter at han sette seg på skulebenken nesten 40 år etter at han studerte der sist.

Høgskulen i Volda jobbar med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller andre aktivitetar. I tillegg til å studere på heiltid, kan du velje nettstudium, studere på deltid eller samlingsbasert.

Høgskulen tilbyr etter- og vidareutdanningar på grunnivå med generell studiekompetanse som opptakskrav, vidareutdanningar spesielt retta mot lærarar, masteremne og mastergradar. 

Sjå alle etter- og vidareutdanningane Høgskulen i Volda tilbyr her.

Nesten som før

KruseFor Svein Olav Kruse førte lysta til meir kunnskap han tilbake til Volda og høgskulen nesten 40 år etter at han starta å studere på same stad.

I 1982 tok han til på medielinja, medan han i 2019 begynte å studere årsstudium i engelsk.

Han tok med seg eit lite flyttelass frå Kristiansund der han bur, for å studere engelsk på heiltid i eitt år i ein alder av 62 år.

– Eg fekk hybel i den same D-blokka på studenthyblane på Heltne som då eg kom dit i 1982. Mykje var likt, men folka var ikkje dei same, humrar Kruse.

Ville lære meir

Etter ein innhaldsrik karriere i mediebransjen der han jobba åtte i år i NRK radio og 18 år i TV 2 som journalist i program som Dokument 2 og Lørdagsmagasinet, avslutta Kruse som lærar i vidaregåande skule der han var tilsett ved medielinja på Kristiansund videregående skole dei siste seks åra fram til 2019.

Men friskusen som liker å halde både hovud og kropp i aktivitet ønska å ha noko å gjere etter at han gikk av med avtalefesta pensjon.

– Eg ville ikkje legge meg ned på sofaen som pensjonist med potetgullskåla i fanget. Eg har alltid vore interessert i språk og ofte tenkt at eg ville studere det. Men etter at eg fekk familie, har det ikkje vore tid til anna enn det og jobb. Difor heiv eg meg på så fort eg kunne når eg vart pensjonist, fortel Kruse engasjert og held fram:

– Eg har for det meste jobba innanlands og ikkje brukt engelsk så veldig aktivt i yrket mitt og elles. Eg lærte språket på gymnaset, men språkkunnskapen forvitrar. I tillegg hadde eg pur lyst til å lære noko nytt. Kunnskap er drivstoff for livet og det er aldri for seint å ta meir utdanning.

Vener frå heile verda

Med det tek Kruse oss tilbake til hausten 2019 då han troppa opp på Høgskulen i Volda for å begynne på årsstudium i engelsk.

– Det var utruleg kjekt å vere i Volda, og det ut ifrå fleire innfallsvinklar, seier Kruse og forklarar oss nærmare.

– Den som var eldst i klassa utanom meg var 42 år, og mange var i 20-åra. Eg omgjekk medstudentar som var langt unna min alder dagleg, men for meg var det den beste medisinen for ikkje å bli sur og gamal. Inspirerande!

I klassen var det også internasjonale studentar som Kruse sette stor pris på å bli kjend med. Han vart mellom anna god ven med ein kar frå Sudan.

– Vi hadde heilt ulik bakgrunn, men akkurat same humor. Vi klikka godt. Eg vart også kjend med studentar frå Aust-Europa, Italia og Eritrea. 

Stort fagleg utbytte

Kruse tok engelsk årsstudium på heiltid, det er også mogleg å ta det på deltid. Som heiltidsstudent la han ned mykje arbeid og var på skulen i normal arbeidstid, i tillegg vart det noko helgearbeid. 

Svein Olav Kruse

Engelskutdanninga ved Høgskulen i Volda fyller 30 år i 2021 og har opparbeidd seg ein solid stab av dyktige forelesarar som brenn for faget sitt.

– Det var veldig gode forelesarar som fekk studentane engasjert. Eg fekk friska opp igjen grammatikken, utvikla ordforrådet og lært mykje nytt om språk- og litteraturhistorie. Vi fekk også med oss ein kjekk ekskursjon til York i England som var lærerik og interessant. Eg hadde stort utbytte av utdanninga, synest nordmøringen.

10 gode studietips

Svein Olav Kruse deler gjerne av erfaringa e sine, og kjem her med 10 gode råd til studentar som vil ta etter- og vidareutdanning.

  • Kome seg opp om morgonen kvar dag og gjere den jobben ein veit ein må.
  • Ikkje undervurder arbeidsmengda, det krev litt å studere.
  • Planlegg framover i tid, ver nøye med tidsfristar og ikkje kom bak på med oppgåver. Prøv heller å vere i forkant. 
  • Ha ein struktur på studiekvardagen, slik at tida ikkje går med til alt mogleg anna og at du får studert effektivt.
  • Studerer ein på heiltid, tenk på det som ein jobb. Då vert det enklare å planlegge og motivere seg.
  • Skaffe seg gode rutinar for lesing, ta utfordringane med ein gang og ikkje skyve dei framfor seg.
  • Spør medstudentane dine – det er ein god kjelde til kunnskap.
  • Ver innstilt på å vere litt sosial. Dei små samtalane i kantina og på biblioteket kan vere fruktbare.
  • Opprett kollokviegruppe. Gå gjerne gjennom pensum før forelesingar, del erfaringar og diskuter rundt oppgåver.
  • Ikkje ver redd for å vere aktiv og spørje i forelesing. 
     

Del på: