Alvorleg tema dramatisert under eksamen

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal

– I den praktiske eksamenen har studentane jobba sjølvstendig med å utvikle forteljarførestillingar innanfor ein rekke kriterielaup. Og i løpet av eit par veke har studentane arbeidd intensivt med stemmebruk, fysisk uttrykk, dramaturgi, dramatiske verkemiddel – ja, alt som ei forteljarførestilling kan innehalde! Seier Borghild Aasebøstøl, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. 

 

Overgrep på byen

Ei av gruppene tok opp temaet overgrep med utgangspunkt frå ein kveld ute på byen med vennar. I scenarioet skjer der eit overgrep og offeret, overgriparen, vennen og bartenderen fortel kva som hende ut frå deira perspektiv. 

Førestillinga bygger på menneskets tvil i ein slik situasjon. Tvil om ein har blitt utsett for overgrep, tvil på at ein har gått over ei grense og tvil som utanforståande om ein burde sei frå.

– På denne måten kan vi bruke fortellerkunsten til å belyse eit veldig tabubelagt og alvorleg tema. Publikum får ein sjanse til å bruke sine egne indre bilete over kva som har hendt, dei vel sjølv kor djupt dei vil gå inn i det vi fortalde seier Opal Solrunnsdatter, førsteårs teaterstudent ved Høgskulen i Volda.

– Det er ubehageleg, men viktig å prate om overgrep. Det er derfor vi valde å lage ei førestilling om det. Vi følte oss trygge på å kunne formidle dette på ein måte som kunne skape ein reaksjon, men likevel ivareta publikum seier Solrunsdatter.

 

Rødhette og ulven

Den andre gruppa valde å belyse tema overgrep gjennom historia om Rødhette og ulven. Der den røde kappa (jomfrudommen) hadde blitt tatt frå Rødhette, men ikkje blei trudd av bestemor. 

 

Stine Sofie Stiftelsen

Vidare i førestillinga fortel ein av skodespelarane, Hedvig Karinen Haugen at det skjer omkring 2000 overgrep i Noreg kvart år. Men at det truleg er mykje høgare mørketal. Ho dreg fram Stine Sofie Stiftelsen som informasjonsside og eit hjelpemiddel for varsling for offer, pårørande og samfunn.  

 


Stolt faglærar

– Eg synest studentane har vist ein iherdig god innsats i denne perioden, dei tar utruleg mange val i løpet av ein slik prosess. Og det er for meg som faglærar utruleg spanande å få følgje prosessen frå start til slutt avsluttar Aasebøstøl.


 

Del på