Årbok for Sunnmøre vert vitskapelig

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Sunnmøre historielag

- Oppdatert

Sunnmøre historielag og Viti har i desse dagar lansert ei historisk utgåve av Årbok for Sunnmøre. Frå den 98. årgangen har tidsskriftet vitskapelig status. Første vitskapelige artikkel handlar om den vanskelege og hittil ukjende historia til ei sunnmørsk frontkjempar.

Visste du at Høgskulen i Volda tilbyr fleksible utdanningar i historie? Du kan velje årsstudium, bachelorutdanning på skulen eller på nett, master i kulturmøte, eller vidareutdanning på bachelor- eller masternivå. Sjå tilbodet her.

Plakat laga av Harald Damsleth 1941, Verveplakat for Waffen-SS og Den norske Legion.

Tidlegare professor i historie ved Høgskulen i Volda, Oddbjørn Melle, venta i over 20 år med å publisere ein artikkel om frontkjemparen Arne Gausdal (1918 – 1999) frå Geiranger. Forfatteren kjende at omsynet til dei næraste og det sensitive temaet gjorde det vanskeleg. Materialet var sterkt og personleg nedskrive minnestoff. Gausdal meinte at vala hans var rette, og at han ikkje hadde noko å skamme seg over.

– Årbok for Sunnmøre har i snart hundre år dokumentert liv og verksemd på Sunnmøre. Statusen som vitskapeleg tidsskrift opnar først og fremst for å også få tak i forskinga på sunnmørssamfunnet. Med eit system for fagfellevurdering av artiklar, er det meir interessant å bruke årboka som publiseringskanal, seier Ingvil. E. Grimstad, leiar for historelaget.

Ellers i årboka kan vi lese at der er 400 år sidan brukaren på Brudavollen, Ivar Jonsen Brudavoll, sette kniven i tømmeret i løa og rissa romartalet for året 1622. Ørsta bygdemuseumslag redda bygningane frå forfallet på 1960-talet. I dag er gardsanlegget ein del av Viti.

Oddbjørn Hofseth tek oss med til den dramatiske tida etter 13. april 1904 då den gamle soknekyrkja i Borgund brann. Spora peika i retning av at brannen var påsett.

Nils Seland skriv om då det vart bygd ungdomshus i nesten kvar grend på Sunnmøre. Vi kan elles lese om kvilsetaden bak fjellet - Nordre gravlund og om dei første flytande filetfabrikkane som skulle kome til å endre fiskerinæringa.

Borgund kyrkje i ruinar. Foto: Sponland / Viti

Informasjon

Boksal: Årbok for Sunnmøre 2022, 98. årgang kan du skaffe deg i Viti sine museumsbutikkar på Sunnmøre museum, Musea i Sykkylven, Viti Søre på Spinneriet i Volda og på Jugendstilsenteret og KUBE – eller ved å verte medlem i Sunnmøre historelag. Utsalpris: 290 NOK

Kontakt: Ingvil E. Grimstad, leiar Sunnmøre Historielag

post@sunnmorehistorielag.no + 47 917 69 365

Del på