Biblioteksjef Mariann får internasjonalt verv

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

I fjor spurde Mariann Schjeide om ho kunne få engasjere seg meir i IFLA (International Federation of Library Associations and Institutions). I juni fekk ho beskjeden om at ho var oppnemnt til å sitje i ein av dei mest høgthengande seksjonane.

– I tida mi som leiar av Norsk bibliotekforening opparbeidde eg meg eit nettverk internasjonalt, som eg har halde relativt godt vedlike. Eg blei veldig glad då rektor og direktør gav meg grønt lys for fortsatt engasjement, både i tidsbruk og budsjettmessig, seier Mariann Schjeide, biblioteksjef ved Høgskulen i Volda.

Den gongen sa ho at ho sikkert ikkje fekk noko verv, men at ho ville vere med på verdskonferansene, som har om lag 3.000 deltakarar kvart år.

– Men å kome med i ein seksjon krev nominasjon, og IFLA er som eit lite mini-FN.

Stor var gleda då ho i juni fekk vite at IFLA sitt Governing Board (styre) hadde oppnemnt ho til ein av seksjonane, som heiter FAIFE (Freedom of Access to Information and Freedom of Expression).

– Det er ti plassar i denne seksjonen, og for inneverande periode (2021-2023) er ingen nordiske land med. Denne seksjonen er ein av dei verkeleg høgthengande seksjonane. Særleg fordi det er Governing Board som utnemner, og FAIFE skal rettleie hovudstyret i spørsmål rundt ytringsfridomen i vid forstand, seier Schjeide.

Som bibliotekar har ho vore oppteken av ytringsfridom i vid forstand, og særleg biblioteka sin rolle i å sikre at kvalitetssikra informasjon og røyster kjem ut i det offentlege.

– Det er eit viktig demokratisk prinsipp som fag- og folkebibliotek skal vere ein kvalitetssikrar av, seier biblioteksjefen.

Ho meiner dei nordiske landa også har stått i ei særstilling, både når det gjeld fag- og folkebibliotek fordi vi har vore så langt framme i spørsmål om ytringsfridom. Vi har ein friare posisjon, seier ho.

– Sjølv har eg ønska meg inn i denne seksjonen i over ti år, men visste at det var vanskeleg. Og eg koketterer ikkje når eg seier at eg blei særs overraska då eg fekk e-posten frå IFLA sin generalsekretær, for eg trudde at løpet var køyrt.

– Eg håper det er ei fjør i hatten til høgskulen også. Det er mange år sidan ein nordmann hadde sete i FAIFE, legg Mariann Schjeide til.

Del på