Bli kjend med det nye rektoratet på høgskulen

Tekst: Lene Mo Flataker

Det komande skuleåret er rundt neste sving, og med det nye året kjem også eit nytt rektorat. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og prorektor Eirik Søvik hadde første dag i ny jobb 1. august. Studentmedverknad, utdanningskvalitet og systematisk satsing på forsking står øvst på arbeidslista deira.

Odd Helge Mjellem Tonheim tek over stafettpinnen etter Johann Roppen, som har vore rektor i åtte år. Odd Helge er oppvaksen på gard i Hyen i Gloppen. Han er nordfjording, i utgangspunktet, før han flytta til Sunnmøre. Her har han budd i 16 år.

– Du kan seie at eg er «skap-sunnmøring», ler han.

Odd Helge er utdanna lærar frå Sogndal og har master i matematikkdidaktikk frå Kristiansand. Han kom til Volda som høgskulelektor rett etter at han hadde skrive masteroppgåve om elevar si utvikling i matematikk i løpet av eit skuleår i 2006.

– Og sidan har eg vore her, sett vekk frå eitt år der eg arbeida som lærar på Sande ungdomsskule i Sunnfjord.

Odd Helge har hatt mange ulike roller på Høgskulen i Volda (HVO). I ti år var han tillitsvald for Utdanningsforbundet og dei siste fire åra har han vore prorektor. Mesteparten av arbeidstida har gått til matematikk og lærarutdanning som høgskulelektor, førstelektor, studieleiar og instituttleiarvikar.

Open og inkluderande høgskule

Odd Helge er gift med Per Magnus Finnanger Sandsmark. Dei har sju onkelbarn mellom ti og 18 år som dei har mykje kontakt med, og dei reiser ofte på besøk til familien i Hyen. På Sunnmøre finn du gjerne Odd Helge på treningssenteret eller på turar i skogen og på fjellet.

– Noko av det beste eg veit er å kome opp og få ei fin utsikt, då koplar eg skikkeleg ut. Det er særleg fint å kome opp på Rotsethornet eller på Gildrehammaren og sitje å sjå utover Volda og reflektere over kor viktig høgskulen er for bygda vår og samfunnet elles. Høgskulen i Volda utdannar fyrst og fremst for velferdssamfunnet, men HVO er ikkje mindre viktig enn andre UH-institusjonar for det, heller tvert om. Vi trengst for å ha eit velfungerande samfunn og at ungane skal gå i barnehage, gå på skule, få drive med ulike aktivitetar innan kultur og idrett. For at folk skal vere opplyste på kva som skjer rundt ein, i notid og i fortid. Og vidare også for å støtte opp under dei som treng hjelp frå det offentlege i vanskelege eller tunge tider.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
Odd Helge Mjellem Tonheim er ny rektor ved Høgskulen i Volda. Foto: Lene Flataker/HVO.

– Men alle turar i skog og mark går ikkje til å tenke på HVO. Eg har ein mann som er veldig oppteken av å plukke sopp, så då har eg også blitt oppteken av det, smiler han.

Etter det vi kjenner til er Odd Helge den første opne homofile rektoren ved ein høgskule eller eit universitet i Noreg, og han har sjølv sytt for at HVO har stilt med fana i Bygdepride-toget i Volda kvart år.

– Eg fekk også høgskulen til å heise regnbogeflagget på campus, held han fram.

Leitar ein langt nok tilbake i lesarinnlegga i Møre-Nytt, kan ein sjå Odd Helge sitt namn under fleire svar til personar i det kristne miljøet som ytra seg negativt om Bygdepride i lokalavisa.

– Det er framleis noko eg står for. Og det er noko av det viktigaste eg har gjort, å gjere slik at dei ikkje fekk vere så aleine med sine lesarinnlegg. Eg dreiv og svarte på desse stort sett fram til eg blei prorektor i 2019. Eg kjem nok ikkje til å skrive så ofte, men eg kjem framleis til å jobbe for ein open og inkluderande høgskule. Det er mange krefter på HVO som jobbar aktivt for dette, legg Odd Helge til.

Han seier at det er viktig å hugse på at inkludering gjeld så mykje meir enn om ein er skeiv eller ikkje. Ved HVO skal ein vere velkomen uansett kva ein trur på, kven ein er eller kvar ein kjem frå.

– Eg vert alltid litt rørt når eg tenker tilbake på tala kong Harald holdt i slottsparken i anledning jubileet sitt i 2016 der kongen så godt får fram at Noreg er alle, og ikkje berre ein type. Noreg er mangfoldig, og det er viktig å ta vare på, seier Odd Helge.

Ørsting blir prorektor

Med seg på rektorat-laget får Odd Helge kollega Eirik Søvik som prorektor. Han er fødd i Volda og oppvaksen i Ørsta som yngst av tre søsken. No er han gift med kona Sarah Ruth Søvik, som arbeidar på høgskulen som spesialbibliotekar.  

– Eg møtte Sarah i Australia, og sidan har det vore oss to. Ho var ei god støtte då eg tok doktorgrada mi, og har vore det sidan, smiler han.

Saman har Eirik og kona to barn, på to og fem år.

– Sidan eg er småbarnsforelder, så eg har lite tid til eigne aktivitetar, men tar meg gjerne ein joggetur eller ein tur i fjellet ved høve, då koplar eg skikkeleg ut.

Eirik byrja å arbeide på Høgskulen i Volda i 2016 som førsteamanuensis. To år seinare vart han instituttleiar for realfag, og i 2020 vart han professor i biologi.

Prorektor Eirik Søvik
Eirik Søvik er ny prorektor ved Høgskulen i Volda. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

Studentmedverknad og samarbeid med tilsette

Noko den nye rektoren og prorektoren har vore veldig bevisst på, og som dei kjem til å halde fram med i rollene sine dei komande fire åra, er openheit og inkludering i ting som skjer på høgskulen.

– Det skal vere eit akademisk miljø som utviklar seg i fellesskap. Dialog er eit viktig stikkord. Folk skal kunne kome med sine meiningar, og det er viktig for oss som skal ta avgjerder at vi er best mogleg opplyst og veit kva folk meiner om dei ulike tinga. Det skal vere stor takhøgde for å kunne ta opp ting med leiinga på høgskulen, seier Odd Helge.

– Samstundes jobbar vi også for at vi skal vere éin høgskule som jobbar saman, og vi skal halde fram med å byggje gode kulturar for forsking og utdanning, for tilsette og studentar. Det er veldig mykje bra som skjer på høgskulen no, og det må vi ta vare på og vidareutvikle, held Eirik fram.

Odd Helge har lenge vore oppteken av studentvelferd og medverknad, og meiner at den viktigaste studentmedverknaden skjer i klasserommet.

– Eg meiner det er viktig at studentane sine tillitsvalde vågar å seie ifrå om ting er bra nok eller ikkje. I tillegg meiner eg at vi må få fleire studentar til å ville vere aktive i råd og utval og særleg i studentparlamentet. Eit aktivt studentparlament er viktig for høgskulen, og vi har eit svært godt samarbeid mellom studentparlamentet og leiinga, og det må vi bygge vidare på.

Han ønskjer å i større grad binde saman utdanning og forsking gjennom å koble mastergradstudentane med forskarane på høgskulen for å kunne utnytte og bruke eksisterande forskingsprosjekt i mastergradene, og gjerne få publisert fleire mastergrader som artiklar i etterkant.

– Tilsette og studentar forskar i same retning, kanskje kan dei sampublisere og få meir ut av det. Det er mange gode masteroppgåver der ute som det kanskje kan bli artiklar ut av på sikt.

Meir konkurransedyktig på forskingsfeltet

Andre ting HVO skal jobbe med dei komande åra er å få på plass doktorgrad i Utdanning, språk og kultur, som det er søkt NOKUT om godkjenning av. Og vidare byggje stein på stein når det gjeld forskingsgrupper og kompetanseheving.

– Det er ein god tradisjon for enkeltforskaren ved HVO, at ein tenkjer ut lure ting i fred og ro. På sikt er det ganske sårbart, for kven skal føre det vidare om ein sjølv ikkje er der lenger? Derfor vil vi jobbe for å føre vidare forskingsgrupper som er oppretta. Det er mykje positivt som har skjedd på den fronten dei siste åra, seier Eirik, som sjølv er ein ivrig forskar på bier.

– Vi har gode støtteordningar, som ein kan søkje på og få mellom anna ekstra tid tid forsking. Men ein må jo hugse på at alle akademisk tilsette har sett av ganske mykje tid til forsking før eventuelle støtteordningar, som FoU-stipend, slår inn. Og her må vi arbeide for å leggje til rette for at ein kan nytte denne tida best mogleg. Det kan ikkje vere ei motsetning mellom forsking og utdanning, desse må gå hand i hand. Vi må også hugse på å kople dette saman med formidling, og her er HVO gode på mykje, men vi kan alltid verte betre, seier Odd Helge.

Høgskulen har ei doktograd i helse og sosialfag saman med Høgskulen i Molde, og arbeider for å få på plass ei heilt eiga doktorgrad i Utdanning, språk og kultur.

– Å få på plass den nye doktorgrada trur eg er svært viktig for oss, om vi skal ha sjanse til å overleve som ein sjøvlstendig institusjon i tida framover. Den vil styrke oss både innan utdanningane den dekkjer, men særleg på forskingsfeltet for store delar av høgskulen. Ei heilt eiga doktorgrad vil gje høgskulen eit løft, seier Eirik.

Ta kontakt!

Odd Helge og Eirik vil gjerne understreke noko som svært viktig for dei.

– Vi vil veldig gjerne verte stoppa i gangen, i kantina eller på gata av både studentar og tilsette. Ta kontakt og snakk med oss om stort og smått, avsluttar Odd Helge og Eirik.

Vil du lese meir om kva rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og prorektor Eirik Søvik skal jobbe med dei neste fire åra? Les valprattformen deira her, eller sjå kva dei svarte under utspørjinga av rektoratet i desember.

Del på