Chat GPT og regelverk på timeplanen

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Kan eg nytte Chat GPT til eksamen? Kva er eigentleg lov? Og korleis kan vi nytte kunstig intelligens på ein smart og lovleg måte? Både studentar og tilsette får no Chat GPT på timeplanen på Læringsverkstaden ved Høgskulen i Volda (HVO). Les meir om lover og retningslinjer, og meld deg på kurs! 

Har du spurt Chat GPT om deg sjølv? Då har du sikkert fått litt ymse svar. Underteikna er til dømes kjent for kunsten sin, særleg arbeid i stein. (Eg kan forsikre om at eg er eitt av dei svakaste kunsttalenta sør for Alta). 

Det er sjølvsagt uendeleg mykje ein kan både spørje om og nytte denne avanserte teknologien til. Du kan lese meir om dette nedst i artikkelen, der forklarar Chat GPT sjølv kva den er.

Eller du kan melde deg på kurs på Læringsverkstaden!

Der kan både tilsette og studentar lære om kunstig intelligens og bruk av denne. På student-webinaret får du til dømes svar på alle spørsmåla vi stilte i byrjinga av denne artikkelen, og hjelp til bruke slike verktøy på ein trygg og god måte. Dette tilrår vi alle studentar å sette av ein time til! 


Chat GPT inn i regelverket: Ikkje lov på eksamen

Nyleg vart høgskulen si forskrift for opptak, studium og eksamen revidert. Det oppdaterte regelverket vart gjeldande 1. april. 

I retningslinjene knytt til fusk står det om kunstig intelligens: "Det er ikkje tillatt å nytte tekst generert ved hjelp av kunstig intelligens og levere teksten heilt eller delvis som sin eigen". 

Utdanningsutvalet ved HVO drøfta problemstillinga tidlegare i år og kom fram til at slike verktøy som utgangspunkt ikkje skal vere tillatne på eksamen der alle hjelpemiddel er tillatt. Dette er grunngjeve med at bruk av generert tekst av slike verktøy og deretter framstille dette som sitt eige, vil vere plagiat og ikkje eit sjølvstendig arbeid, og dermed fusk i høve HVO sine retningslinjer. I tillegg er tekst generert av slike verktøy heller ikkje ei informasjonskjelde som kan nyttast som kjelde ved innlevering av akademiske oppgåver. 

Anna bruk av kunstig intelligens som verktøy kan vere aktuelt dersom eksamensoppgåvene legg opp til dette og det ikkje er tale om å nytte teksten som sin eigen. 


Fleire endringar i forskrifta

Andre endringar i forskrifta som er verd å merke seg, er at at ved klage på ikkje godkjent arbeidskrav treng en ikkje lengre ekstern sensor. Det held med ei ny vurdering av to interne sensorar.  

Ei anna endring er at det frå no av som hovudregel berre blir utdelt digitale vitnemål. Det er unntak frå dette i særlege situasjonar. 

I tillegg er det kome inn ei endring om at det ikkje lenger er høve til å forbetre bachelor- eller masteropppgåver, som er bestått. Endringa gjeld ikkje for studentar som skal levere bachelor- eller masteroppgåver våren 2023, men frå og med hausten 2023 gjeld denne endringa for alle HVO sine studentar.  

Lurer du på kva rettar, pliktar og reglar som fyl med oppgåveskriving eller eksamen? Sjekk regelverket og spør gjerne ein rettleiar, rådgivar eller faglærar om hjelp. Eventuelt Chat GPT. 



Kva seier Chat GPT? 

Vi testa sistnevnte og spurde Chat GPT kva den er, og kva den tenkjer om å bidra til eksamen. 

- Kva er Chat GPT? 

- Chat GPT er ei avansert teknologi for naturleg språkbehandling, som er utvikla av OpenAI. Det står for "Generative Pretrained Transformer" og er ein type nevrale nettverk som er spesielt designa for å handtere naturleg språk. Chat GPT fungerer ved å analysere store mengder språkleg informasjon og bruke dette til å lære språkmønster og samanhengar. Det blir trent på massive datasett, som inkluderer alt frå bøker, artiklar, nettsider og chatlogger, og bruker maskinlæringsteknikkar for å forbetre modellen og auka nøyaktigheita. Ein av dei viktigaste eigenskapane til Chat GPT er evna til å generere tekst som liknar på den menneskelege skrivne eller tala språket. Dette gjer det mogleg å bruke Chat GPT til å utvikle chatbotar og virtuelle assistentar som kan kommunisere naturleg med brukarane, eller til å utføre automatisert tekstgenerering for ulike formål, som å skrive artiklar eller forbetre oversettingar. Ein annan eigenskap ved Chat GPT er fleksibiliteten og tilpassingsevna. Modellen kan enkelt justerast for å handtere ulike språk, emne og applikasjonar, og kan også integrerast med eksisterande system og plattformer. Til tross for desse fordelane har Chat GPT også nokre utfordringar og avgrensingar. Ein av dei største er at modellen kan bli påverka av fordommar og skeive forhold som finst i dei store datasetta den er trent på. Derfor må utviklarane vere forsiktige med å sørge for at modellen ikkje blir diskriminerande eller ekskluderande. Alt i alt er Chat GPT ein kraftig teknologi som har mange anvendelsar innan naturleg språkbehandling, og som kan hjelpe med å forbetre kommunikasjon og samhandling mellom menneske og maskiner.

Screenshot ChatGPT

- Kan eg bruke Chat GPT til eksamen? 

- Som ein AI-modell kan Chat GPT ikkje brukast på ein eksamen for å svare på spørsmål eller gi deg informasjon på ein upassande måte. Å bruke ein teknologi som Chat GPT i ein eksamen ville bli rekna som ei form for juks og vil vere i strid med dei fleste institusjonars reglar og retningsliner. På eksamen skal du demonstrere dine eigne kunnskapar og ferdigheiter i faget, og det er ikkje tillate å bruke eksterne hjelpemiddel som kan gi deg uautorisert informasjon. Det er difor viktig at du følgjer eksamensreglane nøye for å unngå å bli beskyldt for fusk eller å miste karakteren din. Sjølv om du ikkje kan bruke Chat GPT på ein eksamen, kan du bruke denne teknologien til å forbetre din eigen forståing av eit emne. Du kan bruke den til å lære nye ord og uttrykk, øve på skriving og kommunikasjon, eller til å undersøkje eit emne og få inspirasjon til å skrive ein oppgåve eller ein artikkel.
Det er viktig å hugse at Chat GPT og liknande teknologiar bør brukast på ein ansvarleg måte og ikkje brukast som ein erstatning for eigen kunnskap og læring, skriv Chat GPT. 

Lukke til med eksamen!

Del på