Covid-19: Dette betyr dei nye råda for oss ved HVO

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: FHI

- Oppdatert

Regjeringa har innført nye nasjonale råd og påbod med verknad frå torsdag 25. mars. For studentar og tilsette ved HVO betyr dette mellom anna omlegging til digital undervisning og rettleiing, med enkelte unntak.  


Etter auka Covid-19-smitte i Noreg har regjeringa kome med nye nasjonale føringar. Dei strammar inn i heile landet, også i område der smitta er låg som hos oss. Tiltaka gjeld frå torsdag 25. mars og inntil vidare, men det kjem ei ny vurdering innan 12. april.  

Dette betyr dei nye føringane for oss ved Høgskulen i Volda:  
 

Undervisning  

•    All undervisning ved Høgskulen blir digital frå og med torsdag 25. mars til 12. april. Det er unnatak for undervisning der ein er avhengig av lokale for å gjennomføre forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å halde oppe progresjonen i studiet 
•    Du vert varsla om eventuelle unntak i fagspesifikt canvasrom seinast i løpet av torsdag 25. mars 
•    Rettleiing vil føregå digitalt 
 

Høgskuleområdet 

•    Høgskulen er opent for studenta og dei tilsette som ikkje kan ha heimekontor. Servicefunksjonar som bibliotek, studentsørvis, IT-hjelp og liknande er ope 
•    Kantina blir stengd frå og med torsdag 25. mars til 12. april  
•    Berte Kanutte-huset vil ha opne dører i vanlege opningstider, elles tilgang med student/tilsettkort. Dei andre husa på høgskuleområdet vil vere tilgjengeleg for studentar og tilsette med nøkkelkort, men låst for andre heile døgnet 


Forsterka smittevern 

•    Dei som er på Høgskulen skal så langt som råd halde to-meters avstand til kvarandre  
•    Der det ikkje er mogleg å halde to-meters avstand bør ein nytte munnbind 


Heimekontor 

•    Alle tilsette skal arbeide heime i perioden torsdag 25. mars til 12. April 
•    Unnataket er tilsette som skal bemanne opne servicefunksjonar, drifte IT og husa våre, eller tilsette som må vere på høgskulen for å kunne gjennomføre undervisning 


Påskeferie

Det vert sjølvsagt oppmoda til å avstå frå reiser som ikkje er naudsynte, men det vert presisert at reglane for mellom anna studentar tillet heimreise i påskeferien: Studentar som bur annan stad i landet, og som ikkje har nettverk der dei oppheld seg, kan reise heim til påske. Det vert vurdert som nødvendig reise. Volda kommune oppmodar alle om å ha lav terskel for å ta koronatest. Her kan du bestille Korona-test i Volda/Ørsta.  


Nokon å snakke med? 

Vi er her for deg! Alle samtaletenester er opne. Ikkje nøl med å ta kontakt om du treng nokon å snakke med. Vi håper alle får ei så god påske som mogleg. Ta vare på deg sjølv og kvarandre!
 

Del på