Desse får tilbod om dekanjobb i Volda

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) har i eit omframt styremøte gitt tilbod til tre nye dekanar. Det er Silje Ims Lied (Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning), Jorunn Fure (Avdeling for samfunnsfag og historie)  og Jon Are Steen (Avdeling for kulturfag).

- Dei er alle tre godt kvalifiserte for rolla som dekan, og vil med si allsidige erfaring bidra til ei positiv utvikling av HVO i åra framover. Direktør og rektorat ser fram til samarbeidet dei neste fire åra, seier styreleiar og rektor Johann Roppen og direktør Ann Kristin Emblem. 

 

Silje Ims Lied

Silje Ims Lied er førstelektor i pedagogikk, og har vore tilsett ved HVO sidan 2009. Ho har tidlegare erfaring frå barnehage, skole, PPT og BUP. Ved høgskulen har ho hatt fagstilling i pedagogikk, og vore instituttleder ved Institutt for pedagogikk en fireårsperiode. I dag er ho prodekan ved same avdeling.

 

Jorunn Fure

Jorunn Fure jobbar i dag som forskar og forskingskoordinator ved Telemark museum, etter å ha vore direktør ved museet frå 2012 til 2022. Ho har doktorgrad i historie frå Universitetet i Bergen, har blant anna vore forskar og foreleser ved universiteta i Oslo og Bergen, og gjesteprofessor ved Humboldt Universitetet i Berlin. 


Jon Are Steen

Jon Are Steen er for tida rektor ved Stryn kulturskule, og har tidlegare blant anna vore lærer og undervisningsinspektør. Han har hovudfag i musikkvitskap ved UiO, og har i tillegg mellomfag i mellom anna filmmusikk og klassiske musikkfag som del av 4-årig lærarutdanning frå Høgskolen i Hedmark. Han er aktiv musikar og har meir enn 20 års erfaring som dirigent, og har komponert musikk til mellom anna fleire musikalar.

 

Del på