Dette laget blir historisk
Studentane som ikler seg drakta til Volda Studentidrettslag og går på banen i Borgundhallen laurdag 30. oktober, skriv historie når dei blir det første herrelaget i handball for idrettslaget.
Studentane som ikler seg drakta til Volda Studentidrettslag og går på banen i Borgundhallen laurdag 30. oktober, skriv historie når dei blir det første herrelaget i handball for idrettslaget.
18.30 er det magiske tidspunktet når dommaren bles i fløyta på parketten i hallen i Ålesund og Volda Studentidrettslag (VSI) skal opp mot Spjelkavik 2.
Håvard Moum, Torbjørn Brændø Osland, Sondre Innselset Bjørdal, Kristian Berg Bakkebø, Bjørn-Ove Lid Heltne, Sander Slåttelid Slettedal, Joachim Korsfur Solli, Hans-Erik Soltvedt og Magnus Sjømæling er studentane som skal forsvare VSI si ære.
– Ei stor glede
Både på kvinne- og herresida har VSI hatt handballag som har hatt faste treningar og spelt treningskampar rundt om i regionen i lang tid. No klarer dei altså å stille eit herrelag i det ordinære seriespelet – og startar opp i 4. divisjon.
– Dette har vi ønska å få til i lang tid, så det er ei stor glede å endeleg kunne tilby herrelag både i volleyball og i handball, seier Andrine Johansen, nestleiar i VSI.
Ho fortel at dei ønsker og jobbar mot å få til det same med dei kvinnelege studentane.
Følg VSI på Facebook og Instagram.
Følg laget den historiske dagen
Det er ein spent gjeng som debuterer i den raude VSI-trøya på laurdag. Johansen gler seg over breidda i troppen – på fleire vis:
– Dei er ein god gjeng frå ulike studium, der nokre har vore med i VSI i fleire år, medan andre er nye.
Laget vil ta over kontoen til Høgskulen i Volda på Instagram laurdag 30. oktober. Følg oppladinga deira og få reaksjonar etter den historiske kampen der.
PS! Herrelaget i volleyball til VSI fekk ein pangstart på sesongen med siger i begge sine to første kampar mot Breimsbygda og Studentspretten i helga som var.