Dette vil rektorteamet jobbe med dei komande åra

Korleis ser Odd Helge Mjellem Tonheim og Eirik Søvik føre seg framtida til Høgskulen i Volda? Kva er måla og utfordringane HVO står overfor dei komande åra? Dette svarte rektorteamet på i måndagens utspørjing.

Eirik Søvik og Odd Helge Mjellem Tonheim

Prorektorkandidat Eirik Søvik (t.v.) og rektorkandidat Odd Helge Mjellem Tonheim deltok måndag i utspørjing av rektorteamet. Foto: Karl August Swanstrøm / Høgskulen i Volda.

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Del på:

Måndag 5. desember fekk tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) moglegheita til å spørje ut rektorteamet som stiller til val for styreperioden 2023-2027.

Under utspørjinga forklarar rektorkandidat Odd Helge Mjellem Tonheim og prorektorkandidat Eirik Søvik korleis dei ser føre seg framtida til HVO, kva måla deira er og kva utfordringar dei står overfor – samt korleis dei vil løyse desse.

Fleire av spørsmåla frå dei frammøtte går på korleis rektorteamet skal arbeide vidare med å vere éin høgskule. Det er tydeleg at dette er noko dei tilsette set høgt og vil jobbe for.

– Vi er éin høgskule og éin campus – noko som er unikt i norsk samanheng. Vi støttar opp under det å vere ein sjølvstendig institusjon, og vi er opptatt av å få alle med. Då må vi også bygge opp dei fagmiljøa vi har for å sikre framtida. Ein skal ikkje slåst om den same kaka heile tida, men heller utvikle dette saman med dokke gjennom god diskusjon og dialog. Samstundes må vi betre og finne fleire møteplassar på tvers av organisasjonane og fagmiljøa, seier rektorkandidat Tonheim.

Odd Helge Mjellem Tonheim og Eirik Søvik er dei einaste som stiller til val som rektor- og prorektorkandidat. Valperioden er frå 9. til 16. desember klokka 13.00.

Auke kvaliteten i forskinga

I valplattforma til rektorteamet er mellom anna kvalitet i forsking og utdanning framheva. Ein av dei største styrkane for HVO er at det er kort avstand mellom menneske og fagmiljøa, og at ein er tett på kvarandre gjer høgskulen til ein god stad å utdanne seg og arbeide. For å sikre utdanninga og framtida må HVO auke omfanget og kvaliteten i forskinga.

– Eg er opptatt av kvalitet i forsking og utdanning, og målet vårt er å skape gode vilkår for dette. Vi ser spesielt på forsking som ei ekstra stor utfordring den neste fireårsperioden, seier Tonheim.

Prorektorkandidat Eirik Søvik konstaterer at HVO har vore jamne og ikkje hatt den store auka som andre høgskular når det kjem til publiseringar per tilsett, men at dette blir ein prioritet dei komande åra.

– Eit mål er at nytilsette skal kunne kome i gang med publiseringar så tidleg som mulig. Forskingsgruppene skal også styrkast, samt det å betre jobbe i lag som eit kollegium, seier Søvik og held fram:

– Er du i ei fagstilling, er både undervising og forsking ein del av den stillinga. Er du del av førstelektorordninga, men ikkje har forskingskompetanse, skal vi hjelpe med å legge til rette for at ein kan kome i gang med forskinga. For å lukkast med dette må heile bredda på Høgskulen i Volda vere med.

Odd Helge Mjellem Tonheim og Eirik Søvik
Rektorteamet klare på at forskingsmiljøa ved HVO samla sett er for sårbare. Dei ynskjer å utvikle forskingskulturen og fagmiljøa vidare, og seier at god forsking gjer utdanningane betre. Foto: Karl August Swanstrøm / Høgskulen i Volda.

– Forsking og utdanning heng saman

Tonheim seier at HVO ikkje skal endre på tida tilsette har til forsking, men ein må sørgje for å fokusere på at tida ein har til forsking vert brukt til det.

– Forsking og utdanning heng saman. Det å vere ein god forskar aleine er ikkje godt nok. Den «store, stygge ulven» er forsking og publisering. Vi er allereie gode og gjer mykje bra – særleg på utdanning, men også forsking. Men der er framleis ting vi må jobbe med. Løysingar som kan hjelpe folk i å kome i gang med å publisere artiklar treng vi meir av, tryggar Tonheim.

Søvik ynskjer også å forklare korleis rektorteamet vil lyfte fram forskinga ved HVO.

– Det er ikkje snakk om at vi skal velje ut få faglege miljø og satse på desse, men det skal vere moglegheiter for dei som ynskjer å konkurrere nasjonalt og internasjonalt. Det er heller ikkje ein plan om å peike på folk som vi skal gi gull og grøne skogar til. Ein må jobbe for det sjølve.

Satsar på medverknad og studentvelferd

Eit par av spørsmåla frå salen går på korleis Tonheim og Søvik skal arbeide som team. At dei ikkje vert for interne, og involverer HVO-tilsette og studentar sin medverknad i sitt arbeid og avgjersler som skal takast.

– Mange av dei store sakene som blir vedteke har ein lang prosess, som for eksempel studieportefølje. Men vi må finne denne balansegangen i kva som må fullt ut på høyring, kva som kan forankrast i dekamøte, kva som er «rektor-ting» og kva som er administrative saker, seier Tonheim og held fram:

– Vi skal sjølve sørgje for at det ikkje blir for internt. I dei viktige avgjerslane treng vi sjølvsagt medverknad frå tilsette og studentar. Det betyr ikkje at alle alltid kan få det slik dei vil, men eg trur det er viktig at folk får medverke og kjenner seg høyrde.

Tonheim er også klar på at studentdeltaking og Studentparlamentet vert prioritert, som er viktig i kvalitetsarbeidet til HVO framover. Då er det avgjerande å ha god dialog mellom Studentparlamentet og leiinga.

Studentvelferd- og helse er noko Tonheim gjennom åra som prorektor og dei komande åra som rektor set høgt. Samtaletilboda som studentane har, er ekstra viktige.

– Vi har no ei godt forankra velferdsgruppe som verkeleg har slått seg fast i denne perioden. Vi må jobbe vidare med den, for det bidrar til betre studenthelse. Studentsamskipnaden får mindre pengar i statsbudsjettet, så framover må Velferdsgruppa, avdelingane, Studentsamskipnaden i Volda og HVO i si heilheit jobbe saman for å bevare og betre det gode studentmiljøet.

Gode prosessar for å dyrke fram eigne rektorkandidatar

Høgskulestyret vedtok i år, med ei stemme overvekt, at rektor skal veljast – ikkje tilsetjast. Spørsmål frå salen var mellom anna retta mot korleis ein kan overbevise eventuelle skeptikarar om kvifor valt rektor er den beste ordninga, korleis ein skal betre organiseringa og utplukking av rektor framover.

– Vi er begge for valt rektor. Eg tykkjer det er trist at vi står her som einaste kandidatane. Det hadde vore veldig kjekt om her var fleire som stilte til val. Dette er noko vi må jobbe med, mellom anna ved å skape gode faglege leiarar på alle nivå, bygge opp instituttleiarar, studieleiarar, dekanar og fleire, seier Tonheim.

Då Tonheim var på leit etter prorektorkandidat hadde han kriterium til kandidaten.

– Vedkomande skulle komplimentere min eigen kompetanse. Sjølv har eg satsa mest på utdanning og forska mindre. Derfor var det viktig for meg å ha ein sterk forskar som prorektorkandidat. Dei andre kriteria var at vedkomande skulle vere frå ei anna avdeling, og at det skulle vere ei kvinne. Dei to siste har eg ikkje klart, men eg jobba for det. Det er ikkje ei enkel oppgåve, og det måtte litt overtaling til.

– Eg er frå lærarutdanningane og utviklinga av profesjonsbiten. Eirik er professor i biologi og har hatt mykje fokus på forsking. At vi utfyller kvarandre her, i tillegg til at vi kjenner kvarandre og er gode vener, ser eg på som ei styrke.

Han fortel vidare at utfordringa med å finne prorektorkandidat mellom anna gjekk på at tilsette ikkje ville gi slepp på sine faglege prosjekt.

– Men ein kan også sjå på det som at det er ei fagstilling ein skal inn i, at det er ein positiv måte å utvikle egen kompetanse på. Vi treng gode interne prosessar for å dyrke fram eigne rektorkandidatar. Slike verv skal telje sterkt i kompetanseheving på papiret, noko eg argumenterte på i min søknad, seier Tonheim.

Les meir om rektorteamet sin valplattform her!

Del på: