– I ei uroleg verd er Volda sval, trygg og oversiktleg

Tekst: Per Straume , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Johann RoppenRektor Johann Roppen var opptatt av tryggheit og kvalitet då han ønska nye studentar varmt velkomen under semesteropninga ved Høgskulen i Volda. 

Etter fleire år med alternative former for opning av eit nytt studieår, kunne Høgskulen i Volda igjen ønske sine nye studentar velkomen med ei stor felles markering som inneheldt talar, musikk og underhaldning.

For åttande og siste gong som rektor, snakka Johann Roppen til studentar som har valt Volda som studiestaden sin. 

Rektoren var opptatt av at det skal vere trygt å kome til Volda. Han la vekt på at ein er heldig som unngår både rekordvarme, tørke og krig og ga ei spesiell helsing til dei ukrainske studentane.

– I ei uroleg verd er Volda ein sval, trygg og oversiktleg stad. Vi er glade for at akkurat du, kvar og ein av dykk, alle her, har valt Volda hausten 2022. I lag med deg skal vi gjere det vi kan for at du skal få det best mogleg og lære mest mogleg her dei komande studieåra, sa Roppen.

  • Sjå opptaket av studiestarten i filmen under

– Ver aktiv

Høgskulen har i 2022 vedtatt ein ny strategiplan, der det står at visjonen til høgskulen er:  "Kompetanse for eit betre samfunn.". Der står også at:  "HVO skal ha eit variert og nyskapande læringsmiljø med høg kvalitet". 

For å få til det trakk Roppen fram alt det som har skjedd på høgskuleområdet dei siste åra og også planane framover.

– Det nye Sivert Aarflot-huset - som kan bli #Verdas-beste-mediehus. Vår nabo idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena som er arena for nasjonal og internasjonal toppidrett. Det vil kome symjehall med badeland på høgskuleområdet, 50 meter frå inngangsdøra til høgskulen. Og vi held fram med å pusse opp og bygge nytt på høgskuleområdet.

Men for å få til eit læringsmiljø av høg kvalitet og nyskaping er ein avhengig av meir enn gode fasilitetar. I tillegg til lærarar og forskingsbasert undervisning som skal vere med på å bidra til dette, fridde Roppen til studentane.

– Det er ei rolle de sjølve må aktivt velje å ta. Både ved å vere aktive i den daglege undervisninga, men også i det systematiske kvalitetsarbeidet. 

Semesterstart 2022

Mykje å oppleve

Roppen er også opptatt av at studentane skal ha det kjekt, leve godt og oppleve mye i tida der ei Volda.

– Det er mykje å oppleve, anten du no vil ha kulturelle opplevingar, eller du går på tur, på ski eller vil ut på sjøen. 
 
Vår region har fleire reisemål i verdsklasse. Frå Volda har du lett tilgang til skarpe tindar, ville vindar og reint vatn i store mengder. Men: Fjella våre krev liv - kvart einaste år. Så ta vare på deg sjølv og andre. Skaff deg kunnskapen som trengst!, oppfordra rektoren.

Semesterstart 2022

Fekk i gang latteren

Det gode livet i Volda opptok også Borghild Otelie Aasebøstøl, hovudtalar under årets opning. Å gje att noko av det ho formidla på sin heilt særeigne, lunefulle og humoristiske måte her skriftleg blir i grunn berre feil. Studentane og dei andre frammøtte var heldig som fekk oppleve høgskulelektoren i teater og drama i levande live på scenen.

Aasebøstøl tok publikum med på ei reise til sin første studiedag i Volda, da ho forlét bygda Ulsvåg med 200 innbyggjarar i Nordland og etter 23 timar var framme i Volda og med god hjelp etter kvart fekk stavra seg og flyttelasset opp på hybelen i tredje etasje.

Ho fortalte at ho reiste frå Volda igjen etter eit år, men kom tilbake igjen etter eit nytt år. 

– Eg må vere ærleg. Eg kom tilbake etter eit år på ein annan stad. Faktisk fullførte eg ein bachelor her i teater. Og slengte på eit årsstudium. For det er noko med Volda. Noko heilt eige med Volda. Det er fine menneske. Ja, sjå dokker rundt no.

– Det er fjella og badeplassen, det er Rokken og studentidrettslaget, det er revy, konsert og ein dagstur til Ålesund, og det er fest og av og til er det eksamenar. Eg har ikkje heilt ord for det, men kanskje det kjem.

For eg har jo rota meg til å jobbe her og. Tvi, tvi som studenta, avslutta Aasebøstøl.

Semesterstart 2022

– Ro ned 

Lykke til ønska også Trond Fredrik Hoddevik, leiar i Studentparlamentet i Volda, dei nye studentane. På vegen mot eksamen og eit vitnemål oppmoda han sine nye medstudentar til å nytte høgskuleområdet til andre ting enn berre pugging og oppgåveskriving. 

– Som student hos oss vil campus alltid vere velkomen for dokker. Alt frå å chille på eit ledig klasserom, lese på biblioteket eller kome innom kantina for ein matbit. Og om du er morgonfugl som vaknar klokka fem om morgonen med kaffien allereie klar i handa, eller er ein natteramn, som underteikna sjølv er, og liker den lune stillheita, så er campus staden for oss å vere.

– Men det er også her du kan møte våre mange studentorganisasjonar, spesielt no i Fadderveka! Om det er skriving i avis, planlegging av festivalar, sport eller studentpolitikk, så er Peikestokken, Animasjonsfestivalen i Volda, Veka, Volda Studentidrettslag og Studentparlamentet nokre av alternativa. Meir kan dokker finne i det rosa heftet i fadderposen.

Hoddevik minna også om at det finnast eit godt støtteapparat rundt studentane i Volda, som er der for studentane og tilbyr ulike tenester.

– Og skulle arbeidskravet eller eksamen ta heilt overhand, så må du ikkje gje deg. Ro deg ned med å prate med våre dyktige rådgjevarar, psykologar, samt studentprest og studenthumanist. Du har mykje å velje blant, og du er ikkje aleine, sa studentleiaren og sikta til dei dyktige tilsette ved Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda.

Studentprisen 2022

Woo Andersson vann Studentprisen

Det fekk Hoddevik sagt før fadrane etter kvart tok over scenen og skulle guide dei nye studentane vidare inn i fadderveka.

I fjor var det Stian Woo Andersson som leia den seansen, som sjef for fadderveka. I år kom han opp på scena for å ta imot Studentprisen. 

Juryen hadde følgande å seie om prisvinnaren: Stian Woo Andersson har gjennom frivilligheit og studentorganisasjonar bidratt til auka studentvelferd og trivsel gjennom ulike verv, blant anna på Rokken, i Volda Studentidrettslag og i faddervekestyret. Juryen tok imot ein god nominasjon som påpeiker at han oppfyller krava til prisen, noko vi meiner gjer at han fortener årets studentpris for eit godt arbeid for studentane ved Høgskulen i Volda.

Del på