Ekspert gir deg ti tips til eksamen

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Eksamenstida er kanskje noko fleire studentar kvir seg litt til. I eit heilt semester har du jobba opp mot denne kunnskapsprøva som står for tur. Forfattar og eksamensekspert Olav Schewe vil hjelpe deg med å nytte kunnskapen du har tileigna deg på best mogleg måte på eksamen.

Olav Schewe har ein lidenskap for vitskapen bak korleis vi lærer. Sjølv var han ein student som strevde, men interessa for å optimere læringa hjelpte han med å gå frå å vere ein gjennomsnittselev til å bli ein toppelev.

No tek han ei doktorgrad ved University of Oxford, og han har forfatta bøkene Superhjernen og Superstudent. Dei handlar mellom anna om studieteknikkar, og er basert på Schewe sine eigne erfaringar og anna forsking om effektiv læring.

Var du avgangselev frå vidaregåande skule under koronapandemien og skal no ha din første eksamen? Ofrar du all tida di for å streve deg gjennom dei mange pensumbøkene, eller ynskjer du tips til å roe ned nervane eller knekke studieteknikk-kodene?

I ei stressande periode med eksamenslesing deler Schewe nokon tips og triks med deg, som kan vere nyttig både før og under eksamen.

1. Legg ein plan

Størsteparten av verdien er ikkje nødvendigvis planen du endar opp med på papiret, men i prosessen med å planlegge blir du tvungen til å ta stilling til ting for å få meir oversikt, seier Schewe.

– Sjå på kva emne og tema du skal jobbe med og kva dei handlar om, få ei oversikt over kva ressursar du har og lag ein månadskalender. Sjå kor mange dagar du har fram til eksamen, og splitt desse opp mellom emne og tema. Har du fire dagar eller to veker til ein eksamen, fordelar du pensumet utover dagane. Det er ein betre framgangsmåte enn å berre setje seg ned og opne boka.

2. Sjå på tidlegare eksamensoppgåver

I tida før eksamen er det viktig å starte med ei form for forståing om korleis eksamenen kan kome til å sjå ut, kva tema du kan vente seg og kva spørsmål ein kan få. Schewe seier at nesten alle studentar trur dei har for mykje pensum å setje seg inn i og for lita tid.

– Pensum i høgare utdanning er veldig stort, og ein er ikkje aleine om å kjenne seg overvelda. Start med å sjå på tidligare eksamensoppgåver, og skap eit bilete av korleis eksamenen kan bli. Er der få store spørsmål, eller fleire små oppgåver? Då finn du litt meir ut kva du har i vente, ser kva du jobbar mot og forstår emnet betre. Det er også lurt å gå gjennom heile eksamensoppgåva, og ikkje berre delar av den. Å mikse forskjellige tema og spørsmål er ikkje lurt. Dette er ein vanleg og behageleg måte å lære på som er effektiv.

3. Bruk kunnskapen aktivt

I mange fag er det ofte store pensumbøker, og mykje å lese. Nokon sit og les kapittel etter kapittel, men brukar ikkje kunnskapen dei får aktivt. Ein meir effektiv måte å jobbe på er å lese og løyse tidlegare eksamensoppgåver, lese det ein må lese av pensum og diskutere stoffet med andre, seier Schewe.

– Det er fint å ha nokon å kunne jobbe og diskutere stoffet med. Dediker tid til dette. Ta ein lunsj med folk og snakk om pensum eller eit tema. Det er morosamt å snakke med nokon som kanskje ikkje heilt forstår temaet på same måte som du. Då prosesserer du kunnskapen og tenkjer over den på ein heilt annan måte.  

4. Sov godt før eksamen

Den siste natta før eksamen kan ein vere nervøs og stressa. Kanskje tek nervane overhand, eller du ikkje klarer å sove godt i det heile. Schewe sitt tips er å få ei god natts søvn i heile perioda før eksamen.

– Det som er lurast er å få nok søvn dei siste nettene, og ikkje berre den aller siste natta, før eksamen. Om du då søv dårleg den siste natta, har du sove ut godt i nettene før.

5. Mental tidsplan på eksamen

På eksamen er det fleire fallgruver ein kan gå i. Den vanlegaste er å gå tom for tid. Kanskje rekk du ikkje å gå over alle spørsmåla, må svare raskt eller ikkje får fram alt du kan. For mange er det mykje ein skal gjere på for lita tid, seier Schewe.

– Då er det lurt å sjå på kor mange oppgåver du får, og legge ein mental tidsplan på kor mykje tid du skal bruke på kvar oppgåve. Dette er godt å halde seg til, og du kan sjå om du er «on track». Har du ein eksamen på fire timar og du har fire oppgåver, kan du bruke ein time på kvar. Ligg du etter denne typen plan, kjem du til å få problem og kanskje rekk du ikkje å svare ut alt.

Olav Schewe gir eksamenstips
Den vanlegaste fallgruva å gå i på eksamen er å gå tom for tid. Olav Schewe seier det er lurt å lage seg ein mental tidsplan over kor mykje tid du skal bruke på kvar oppgåve, for å unngå at du ikkje rekk å svare ut alle spørsmåla.

6. Les spørsmåla tre gongar

Ei anna fallgruve er at du kanskje ikkje forstår spørsmåla du får på eksamen så godt, og derfor ikkje klarer å utnytte informasjonen og kunnskapen du har til svara spørsmåla eigentleg er ute etter.

– Les alle spørsmåla tre gongar. Ein gong før du startar, ein gong samstundes som du skriv svaret og ein gong etter at du har fylt ut svaret ditt. Den andre gongen du les spørsmåla har du aktivert meir kunnskap, du får ei djupare forståing for kva spørsmålet eigentleg er ute etter og kan justere svaret ditt med nye auge. Les også over ein tredje og siste gong, og sjekk at du har besvart heile spørsmålet. Eit spørsmål kan bestå av to delar, og ein kan gløyme å svare begge delane. Ta ein siste sjekk. Dette er gode eksamensvanar som er lurt å ta til seg.

7. Ha ei sterk opning

Førsteinntrykket i svaret ditt kan påverke dei som rettar eksamenen din, seier Schewe.

– Ha ei sterk opning i den første oppgåva. På den måten kan sensor la tvilen kome deg litt meir til gode om dei ser sterke og gode svar tidleg i eksamensoppgåva. Er du heilt ferdig med eksamenen og ikkje veit heilt kva du skal bruke tida på, bør du gå tilbake til den første oppgåva og sjå om du kan gjere opninga betre. Eg vil også anbefale å sitje heile tida ut. Set du det i perspektiv, har du brukt eit heilt semester opp til denne eksamenen. Utnytt tida.

8. Ta pause om du står fast

Ifølgje Schewe er det mange som kan få tvangstankar om at dei må gjere ei oppgåve ferdig før dei går til neste. Støyter du på ei oppgåve som er vanskeleg, bør du ta ei pause.

– Held du på med ei oppgåve og tenkjer at «denne burde eg få til, men klarer det ikkje», treng du faktisk å ta ei pause. For i den pausa vil hjerna di framleis jobbe med oppgåva i bakgrunnen. Står du fast er det betre å gå vidare til dei andre oppgåvene. Så kan du gå tilbake til den vanskelege oppgåva etterpå, og sjansen for å løyse oppgåva vert større.

9. Kontroller svaret ditt

Legg inn kontrolltid mot slutten av eksamenen, og ta høgde for å bli ferdig før tida slik at du rekk å gå gjennom svaret ditt, seier Schewe.

– Å kontrollere svaret er veldig verdifullt. Då får du ei pause frå svara, og kan enklare sjå feil eller kome med fleire gode poeng som du kanskje ikkje kom på første gongen.

10. Aldri la ei oppgåve stå tom

Er det lite tid igjen og du ser at du ikkje har nok tid til å løyse ei oppgåve skikkeleg, er det lurt å ikkje la oppgåva stå tom, poengterer Schewe.

– Det er betre å skrive eitt eller anna som kan gi delvis utteljing. Det kan for eksempel vere ei matteoppgåve, der du noterer korleis du hadde gått fram om du hadde hatt tid og kva formlar du vil bruke. Det er avgrensa kor mange poeng du faktisk får på ei oppgåve eller eit spørsmål. Du kan svare fantastisk bra på to oppgåver, og så er den siste oppgåva blank. Då er det meir strategisk om ein har tre oppgåver som er 80 prosent godt svart på.

Lykke til med eksamen!

Del på