Endå fleire vil studere i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

For fjerde året på rad aukar talet på søkarar som har Høgskulen i Volda som sitt førsteval i Samordna opptak. Mange studium opplever stor oppgang – mediefaga spesielt. Og medan færre søker lærarutdanning nasjonalt, er trenden motsett ved HVO: Her vil fleire bli grunnskulelærarar.

Fristen for å søke studium gjennom Samordna opptak gjekk ut 15. april, og i dag vart søkartala for Høgskulen i Volda (HVO) og resten av landet offentleggjort. I Volda kan ein nok ein gang feire at pilane peiker oppover: 1481 søkarar har HVO som sitt førsteval – ein oppgang på over sju prosent frå fjoråret då talet var 1379. Vi må tilbake til 2012 for å finne eit like godt år, då talet så vidt var høgare.

– Det er sjølvsagt svært gledeleg. Det tyder på at vi tilbyr studium det er behov for og at Volda er ein attraktiv studiestad. Vi er spesielt nøgde med at dette er fjerde året på rad vi har auke i søkartala, seier rektor Johann Roppen. 

Det gjer også konkurransen om plassane ved høgskulen hakket tøffare: Det er 1,9 søkarar som har HVO som førsteval per studieplass, mot 1,8 i 2019.

– Det er veldig kjekt å sjå så mange grøne tal, og at det er oppgang for alle avdelingar. At strategisk viktige fagområde som grunnskulelærarutdanningane og mediefaga får så gode resultat, er også noko vi gler oss over, seier Roppen.

Kraftig auke for mediefaga

Ved Avdeling for mediefag sto jubelen i taket då tala frå Samordna opptak vart presentert. Søkartalet til alle mediefaga ved HVO aukar frå fjoråret. Journalistikk er for alvor i vinden med ein auke på over 30 prosent, der spesialiseringa TV/radio har 37 fleire førsteprioritetssøkarar enn i fjor. Totalt 157 har dette øvst på ønskelista. Den internasjonalt kjende animasjonsutdanninga går også godt fram og ser dei beste søkartala på 10 år. Bachelorgraden PR, kommunikasjon og media hadde over 50 prosent auke frå 2018 til 2019, og går no fram med nye 30 prosent.

– Vi ønskjer å vere best i landet på praktiske medieutdanningar, og då kan vi ikkje anna enn å smile over desse tala. Søkarane får i tillegg til gode utdanningar også ta i bruk eit splitter nytt mediebygg i 2021, kommenterer Roppen.

Opp for lærar – mot trenden

Rektoren er også glad for å sjå at eit anna strategisk viktig satsingsområde for høgskulen – lærarutdanning – har søkartal som er positive. Medan søkartalet nasjonalt går ned for grunnskulelærarutdanninga, aukar det i Volda. Barnehagelærarutdanninga er framleis populær, og spesielt på deltid, der 32 prosent fleire søkte seg til HVO i år målt mot i fjor.

– Grunnskulelærarutdanninga er viktig for oss og vi set stor pris på å sjå ei auke når trenden nasjonalt er nedgang. Behovet for lærarar i framtida er stort og vi vil halde fram med å rekruttere nye, flinke lærarar til skulane. Søkinga til barnehagelærarutdanning deltid, som har mykje av undervisninga si i Ålesund, er eit teikn på at vi lukkast med desentralisert undervisningsopplegg, kommenterer Roppen.

Godt oppover for planlegging og historie 

Bachelorgradene planlegging og administrasjon og historie opplever begge å gå godt fram i år. Bachelorgradene i sosialt arbeid, barnevernspedagog og sosionom, held fram med å vere attraktive studium ved HVO. Med ein auke på 16 prosent er sistnemnde opp i heile 160 førsteprioritetssøkarar. 

Populært med friluftsliv

Friluftsliv har vore det mest populære studiet målt mot tal studieplassar ved HVO dei siste åra. Årsstudium i friluftsliv aukar i år også og har heile åtte førsteprioritetssøkarar per studieplass – som er svært høgt på landsbasis. Fleire musikkspirer har fatta interesse for Volda: musikkbacheloren går opp med heile 73 prosent i tal søkarar frå fjoråret. Teater og drama har ein nedgang for sin bachelor, mens for årsstudiet i teater og drama peiker pilene godt oppover. 
 

Del på