Erdal har fått tilbod om dekan-stilling

Styret ved Høgskulen i Volda har gitt Ivar John Erdal tilbod om stilling som dekan ved Avdeling for mediefag.

Ivar John Erdal

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Styret ved Høgskulen i Volda har gitt Ivar John Erdal tilbod om stilling som dekan ved Avdeling for mediefag.

Erdal er i dag tilsett som professor ved Avdeling for mediefag, han er også leiar for Institutt for film og animasjon.

Erdal forsvarte doktograden sin i medievitskap ved Universitetet i Oslo i 2008. Same år vart stryningen tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda (HVO), og har sidan arbeidd ved HVO.

– Vi er glade for å ha på plass ny dekan frå 1. august i år. Eg er trygg på at Erdal er ei god tilsetting, eg opplever han som ein roleg og trygg person. Samstundes viser bakgrunnen hans at han er fagleg kompetent, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved HVO, før han held fram:

– Erdal har leiarerfaring som instituttleiar og god kjennskap til både faglege og administrative oppgåver ved avdelinga. Dette blir bra, spår Tonheim.

Del på: