Fadderveka 2023: Sjekk ut programmet!

Det blir alt frå konsertar og rebusløp, til grillkveld og beach day. Sjekk ut programmet til Fadderveka 2023 i Volda her!

Fadderstyret 2023

Fadderstyret 2023: Bak f.v. Dorcas Mukulu, arrangementsansvarleg, Sondre Nordstrand Fure, sponsor- og økonomiansvarleg, Eirik Normann Emanuelsen, fadderansvarleg og Ina Mårstøl Vinjevoll, PR- og multimediaansvarleg. Framme f.v. Juliana Endemann, nestleiar og Marte Sørebø Pedersen, leiar.

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Del på:

– Fadderveka kan for nokre vere ein naturleg del i det å bli kjent med nye menneske på ein heilt ny plass, seier Marte Sørebø Pedersen, leiaren i fadderstyret.

Endeleg er det tid for Fadderveka i Volda! Fadderveka består av studentar som stiller opp for at studiestarten skal bli ei trygg og god oppleving, og inneheld ulike arrangement både i regi av Fadderveka og Studenthuset Rokken.

Sørebø Pedersen seier ho er utruleg glad for dei ho har med seg i styret.

– Dei har stått på, og held fram med å stå på, for å gjere fadderveka så bra som mogleg.

Mange alkoholfrie arrangement

Fadderveka i Volda kan skilte seg med mange flotte arrangement, alt frå stranddag og organisasjonstorg, til konsertar og rebusløp.

I tillegg er mange av desse arrangementa alkoholfrie.

– I år har vi valt å setje fokus på å ha både alkoholfrie arrangement som varer ut over natta, og arrangement som tillét alkohol slik at alle skal ha ein stad å gå uansett kva forhold dei har til alkohol, held Sørebø Pedersen fram.

Visste du at Fadderveka i Volda har si eiga nettside? Du finn den HER!

Studenthuset Rokken
Foto: Studenthuset Rokken.

Slik blir programmet

NB: Det kan skje endringar! For oppdatert program, sjå fadderveka.no.

Søndag 13. august

  • Klokka 17: Filmkveld. Stad: Berte Kanutte-huset. Arrangør: Amnesty. Alkoholfritt: Ja.

Måndag 14. august

  • Klokka 17-21: «Dagen før dagen». Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Velferdsgruppa. Alkoholfritt: Ja.

Tysdag 15. august

  • Klokka 16: Rebusløp. Stad: Kaarstad-parken. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Nei.
  • Klokka 20: Konsert med William Gamborg. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Onsdag 16. august

  • Klokka 11-15: Organisasjonstorg. Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Studentparlamentet. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 19: Kviss på Rokken. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.
  • Klokka 20: Wateraction/grilling. Stad: Kaarstadparken. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.

Torsdag 17. august

  • Klokka 20: Konsert med Kakkmaddafakka Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Fredag 18. august

  • Klokka 16: Rebusløp del 2. Stad: Plenen utanfor Berte Kanutte. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Nei.
  • Klokka 19-22: Bonfire med Pangaia. Stad: Årneset. Arrangør: Pangaia. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 21: Konsert med Amanda Tenfjord. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Laurdag 19. august

  • Klokka 12: Beachdag. Stad: Årneset. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 19: Spelekveld. Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Amnesty. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 22: Temafest - Black Light Disco. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Fadderstyret/Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Søndag 20. august

  • Klokka 12: Tur til Runde. Stad: Volda rutebilstasjon > Runde. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 12: Fjelltur til Melshornet. Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Natura. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 19: Gudsteneste. Stad: Volda kyrkje. Arrangør: Volda kyrkje. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 20.15: Kveldsmat. Stad: Uppheim, Arrangør: Volda kyrkje. Alkoholfritt: Ja.

Måndag 21. august

  • Klokka 15-19: Skating. Stad: Møre skatehall. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 20.30: Stand Up. Stad: Berte Kanutte: Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.

Tysdag 22. august

  • Klokka 11-15: Organisasjonstorg. Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Studentparlamentet. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 16: Sportsdag. Stad: Idrettsbygget. Arrangør: VSI. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 18: Frivilligmøte. Stad. Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken.

Onsdag 23. august

  • Klokka 10-15: Valtorg. Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Studentparlamentet. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 17.30: Kino. Stad: Kinosalen i Volda. Arrangør: Volda Filmteater. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 20: Kviss på Rokken. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.
  • Klokka 21: Filmkveld. Stad: Berte Kanutte. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.

Torsdag 24. august

  • Klokka 16-22: Escaperom. Stad: Aasen Auditorium. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 20: Open mic. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Fredag 25. august

  • Klokka 16-22: Escaperom. Stad: Aasen Auditorium. Arrangør: Fadderstyret. Alkoholfritt: Ja.
  • Klokka 21: Konsert med Evig Ferie. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør: Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Laurdag 26. august

  • Klokka 22: Klikkedisco. Stad: Studenthuset Rokken. Arrangør. Rokken. Alkoholfritt: Nei.

Del på: