Fekk dobbelt opp i USA

Tekst: Per Straume , Foto: Jonas Közle

- Oppdatert

Gjennom bacheloren i Planlegging og administrasjon får studentane no moglegheita til å både jobbe og studere under utveksling i USA. – Eg trudde ikkje eg skulle lære så mykje om både meg sjølv, fag og få så nyttig arbeidserfaring, seier Trond Fredrik Hoddevik, ein av dei tre første studentane som prøvde ut opplegget.

– Skal eg verkeleg snakke og skrive berre engelsk i fire månadar?, tenkte Trond Fredrik, som aldri har hatt språkfaga som sin favoritt, før han reiste til USA i januar.

Etter vel gjennomført semester ved Augsburg University i Minneapolis, skjønner ikkje Volda-studenten kor skepsisen kom frå. Uttalen og ordforrådet er strålande når vi vekslar nokre ord på verdsspråket. – Det gjekk overraskande fint med språket der borte. Eg vart tatt så godt i mot og fekk øvd meg godt den første uka før skule og praksis tok til for alvor, fortel Hoddevik.

Unik moglegheit

Den gode mottakinga og det praktiske opplegget rundt opphaldet er noko han gjentek mange gongar gjennom samtalen vår. Eit opplegg som professor Nathalie Homlong og førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen kjenner til. Dei har forsikra seg om at studentane som Høgskulen i Volda sender til USA skal bli godt tatt vare på, og besøkte også Augsburg University og Trond Fredrik under hans opphald.

Dei to lærarane gjesta også Presbyterian College i South Carolina på same tur i vår. Det er den andre skulen i USA som studentar på bacheloren i Planlegging og administrasjon no kan reise til og kombinere studium og praksis. Dette er mogleg i vårsemesteret det andre året.

IPAS
Trond Fredrik Hoddevik fekk besøk av lærarane Nathalie Homlong (t.v.) og Grethe Mari Mattland Olsen under opphaldet i USA og dei hadde mykje å snakke om då han kom heim.

– Det er ein unik moglegheit som vi ikkje har tilbydd studentane våre tidlegare. Ein kan lære fag og samstundes få innblikk i korleis arbeidslivet fungerer i eit anna land, i løpet av eit og same halvår. Det håper vi skal gi mykje god læring og erfaring, seier Homlong og Mattland Olsen.

Ulike praksisalternativ

Sjølv om det var enkelte periodar der det var ein del innleveringar på skulen som gjorde at det kolliderte litt med praksisarbeidet, vil Hoddevik absolutt anbefale kombinasjonen skule og praksis.

Eg angrar ikkje eit sekund. For meg var dette optimalt, eg er veldig glad for at eg torde å ta praksis ved sidan av studia.

Trond Fredrik Hoddevik

Han arbeidde ved Norway Hub – ein norsk interesseorganisasjon i Minneapolis – to dagar i veka. Høgskulen i Volda har også praksisavtalar med Norway House, som også arbeider for norske interesser i USA, og African Development Center, som hjelper innvandrarar frå Afrika med rettleiing og hjelp til å starte eigne bedrifter. Om ein vel utveksling ved Presbyterian College, kan ein ha praksis ved frivillige organisasjonar, fritidstilbod i byen Clinton eller internt på campus. I tillegg har også Høgskulen i Volda moglegheit til å ordne praksisplass i Italia i det fjerde semesteret av Planlegging og administrasjon-bacheloren.

Supersosialt kollektiv

Trond Fredrik følte han fekk godt utbytte av dei fire faga han tok på universitetet. – Eg var godt nøgd med både forelesarane og faga, vi hadde varierte læringsformer.

Hoddevik
Trond Fredrik og prakissplasskontakta hans Bettine Hoff Hermanson på campus i Minnesota.

Han budde på campus ved Augsburg University som totalt har 4000 studentar. Å dele rom med ein amerikanar og bu i eit kollektiv med 15 andre frå forskjellige land var ei oppleving for livet.

– Vi hadde mange sosiale kveldar, vi såg Super Bowl saman, arrangerte spelekveldar, laga mat og kosa oss. Kollektivet vart eit eige lite samfunn, seier Trond Fredrik og fortel vidare at sentrum av storbyen Minneapolis berre var nokre minutt unna med metroen.

Landa trygt

Han vart som ein liten prøvekanin for bacheloren i Planlegging og administrasjon sidan han var den første som kombinerte studium og praksis – og landa trygt med begge føtene på jorda, betre engelskkunskapar og mange minner og vennar rikare. 

– Kva vil du seie til dei som vurderer denne reisa etter deg?

– Dette trefte meg godt, sidan eg hadde stor interesse av å både lære av fag og praksis. Greier ein å ta fag på engelsk, greier ein i alle fall praksisen. Mitt råd er derfor å velje den kombinasjonen.

Del på