Flagget til topps: Nytt mastergradsprogram godkjent

Tekst: Per Straume , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har fått godkjent-stempel for mastergradsprogrammet «Natur, kultur og sosial bærekraft» av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Det gjorde at smilet var ekstra breitt hos Jon Are Steen, dekan ved Avdeling for kulturfag (AKF), torsdag. Det er hans avdeling som har søkt om det nye mastergradsprogrammet.

– Dette er veldig gledeleg og ein stor dag for heile avdelinga. I dag ser ein resultatet av godt gjennomtenkt og langsiktig arbeid. Eg er så heldig at eg har fått vere med på oppløpssida, seier Steen, som tok til som øvste leiar ved avdelinga 1. august i år.

– Det er ein stor dag for heile høgskulen. Dette er eit svar vi har vi i spenning på, føl Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved høgskulen, opp.

Innhaldsrik master

Inn i det nye mastergradsprogrammet, som altså ber namnet «Natur, kultur og sosial bærekraft», skal alle fem bachelorgradprogramma ved AKF passe inn. Det betyr at studentar som har tatt ei bachelorgrad i Design kunst og handverk, Friluftsliv og naturguide, Idrett og kroppsøving, Musikk og Teater og drama eller tilsvarande frå andre institusjonar, alle kan søke seg inn på det nye mastergradsprogrammet.

Jon Are Steen, dekan ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda
Dekan Jon Are Steen

– Det er en brei og innhaldsrik master. Vi trur at dei ulike fagområda kan spele kvarandre gode, og at studentane vil dra nytte av det. Samstundes skal også studentane få spesialisere seg innan sitt spesifikke fagfelt i denne masteren, forklarar Steen. 

Mastergradsprogrammet er det første ved AKF. Det betyr at ein tidlegare ikkje har hatt behov for å legge spesielt til rette for dette i bachelorgradprogramma sine.

– Vi må arbeide godt framover for med ei tilpassing av bachelorane, slik at dei passar inn i den nye masteren, seier Steen.

Svarar på fleire utfordringar

Nyvinninga er etterlengta av fleire grunnar. – Tidlegare har vi måtte «sendt vekk» studentar som har tatt ein bachelorgrad hos oss, og som vil ha ein master, til andre institusjonar. Det slepp vi heldigvis no, smiler Steen.

For å bygge på ei fagutdanning, ta Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag og bli lærar, må ein i dag ha ei mastergrad. Unntaket er for praktisk-estetiske fag, som dei tidlegare nemnde bachelorgradprogramma ved AKF går inn under. For dei held det i dag med bachelorgrad, men frå våren 2025 vil det også for desse vere eit krav om mastergrad for å ta PPU.

– Dette er gode nyheiter for dei som vil ha ei solid utdanning innan desse faga og bli lærarar. Men vi ønsker å rekruttere til andre delar av arbeidslivet også. Vi veit at andelen av folk med høgare utdanning er låg i region vår, den nye masteren er eit godt svar på det også, slår rektor Tonheim fast.

Fleire steg igjen før oppstart

Men når skal så denne masteren starte opp?

Verken rektor eller dekan vil vere bastante på dette, men dei ser begge hausten 2025 som det mest sannsynlege.

Men, ja sjølv på ein slik glad dag, er det eit stort MEN, og nokre atterhald.

– Vi har no klart det første og kanskje vanskelegaste steget for å få til denne masteren. Men det er nokre steg att. Først må den bli godkjent i Høgskulestyret, der må ein også sjå på økonomien i dette. Høgskulen har ikkje fått ekstra studieplassar frå Kunnskapsdepartementet, og på det viset ikkje ekstra pengar til masteren. Om Høgskulestyret gir tommel opp, må så Kunnskapsdepartementet godkjenne oppstart av den. Då kan vi eventuelt strekke hendene ekstra høgt i veret og ønske studentar velkomen til å søke, forklarar Tonheim. 
 

Del på