Førehandsrøysting til stortings- og sametingsvalet 2017

Vallokale

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Måndag 4. september vert det ved Høgskulen i Volda høve til å førehandsrøyste til stortings- og sametingsvalet. Det vil gå føre seg i vrimlearealet i 1. etasje i Berte Kanutte-huset kl. 09.00-15.00.

Alle studentar, uansett kva kommune i landet ein har folkeregistrert adresse, kan førehandsrøyste denne dagen.
Det er også mottak av førehandsrøyster på servicekontoret på rådhuset i Volda 10. august - 8. september i følgande tidsrom:
10. august t.o.m. 25. august                               måndag - fredag kl. 09.00-15.00
28. august t.o.m. 8. september                          måndag - fredag kl. 08.00-15.30
servicekontoret har slik utvida opningstid:
                           torsdag 24. august kl. 09.00-18.00
                           laurdag 26. august kl. 11.00-14.00
måndag 4., tysdag 5., onsdag 6. og torsdag 7. september kl. 08.00-18.00

Hugs gyldig legitimasjon.

Del på: