Første statsministerbesøk på 43 år

Statsminister Erna Solberg fekk mellom anna møte dyktige studentar og sjå det splitter nye mediehuset då ho som første sittande statsminister på 43 år besøkte Høgskulen i Volda søndag ettermiddag. Studentaktive læringsformer og nytt innovasjonssenter sto også på programmet.

Frå venstre: Dekan for Avdeling for mediefag Kate Kartveit, rektor Johann Roppen, statsminister Erna Solberg, direktør Karen Lomeland Jacobsen. 

Frå venstre: Dekan for Avdeling for mediefag Kate Kartveit, rektor Johann Roppen, statsminister Erna Solberg, direktør Karen Lomeland Jacobsen. 

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv, Foto: Gaute Hareide/HVO

- Oppdatert

Del på:

Statsminister Erna Solberg fekk mellom anna møte dyktige studentar og sjå det splitter nye mediehuset då ho som første sittande statsminister på 43 år besøkte Høgskulen i Volda søndag ettermiddag. Studentaktive læringsformer og nytt innovasjonssenter sto også på programmet. 

Statsminister Erna Solberg var i helga på rundreise i Møre og Romsdal, og avslutta turen med ein ganske eksklusiv godbit då ho fekk omvising i det splitter nye Sivert Aarflot-huset ved Høgskulen i Volda. 

- De kan godt kome litt oftare, spøkte rektor Johann Roppen, då han ønskte statsministeren og følgje velkomen, og viste til at sist ein sittande statsminister var på besøk, var i 1978. Saman med mellom anna direktør Karen Lomeland Jacobsen og dekanane for Avdeling for mediefag og Avdeling for samfunnsfag og historie, Kate Kartveit og Randi Bergem, viste han rundt på på høgskuleområdet. 


Verdas finaste mediehus: Sivert Aarflot-huset

Rundturen starta på byggeplassen til Sivert Aarflot-huset, som snart er innflyttingsklart.

- Her skal mellom anna 500 mediestudentar få boltre seg i flotte lokale med ypparleg utstyr og moglegvis den finaste utsikta eit nyheitsstudio kan ha, fortalte dekan Kate Kartveit. 
- Vi har ikkje lov å kalle det Norges finaste mediehus, så då har vi kalla det verdas finaste mediehus, supplerte rektor Roppen. 

Solberg fekk sjå døme på studentproduksjonar og møte nyleg uteksaminerte Simone Honstad Tafjord, som fortalte om livet som student ved PR, media og kommunikasjonslinja

Simone Honstad Tafjord (t.v.) deler av erfaringane som student ved PR, kommunikasjon og medielinja ved Høgskulen i Volda. Dekan Kate Kartveit og statsminister Erna Solberg er lydhørt publikum. (Foto: Gaute Hareide/HVO)
Simone Honstad Tafjord (t.v.) deler av erfaringane som student ved PR, kommunikasjon og medielinja ved Høgskulen i Volda. Dekan Kate Kartveit og statsminister Erna Solberg er lydhørt publikum. (Foto: Gaute Hareide/HVO)

"Svevande" redigeringsrom, radio- og tv-studio, mingleareal og det siste innan utstyr er berre noko av det mediestudentane kan gle seg til når huset opnar dørene til semesterstart, i det som passande nok er året medielinja ved HVO fyller 50 år. 

Foto: Gaute Hareide/HVO
Foto: Gaute Hareide/HVO

Snart ombygging av Hans Strøm-huset

Direktør Karen Lomeland Jacobsen nytta høvet til å takke for dei 10 millionar kronene regjeringa nett løyvde til Hans Strøm-huset. Dette vil vere med å realisere ei ombygging av huset mediefag no flyttar ut av. 

Solberg fekk sjå ein forsmak på korleis dette vil legge til rette for meir studentaktiv læring då ho fekk sjå det nybygde auditoriet «Vekselstrøm», som byr på heilt andre moglegheiter for undervisning og læring. 

Her møtte Solberg studentar frå mellom anna planlegging og administrasjon og samfunnsfag, og fekk ein smakebit på korleis HVO jobbar med teknologi i lærarutdanninga.

3D-print og ein programmert legorobot, arbeid med primærkjelder og kva Noreg skal gjere når oljefondet ein gong vert tomt, var læringstema som vart demonstrert – og litt diskutert: – Vi skal kun nytte avsetningane, oljefondet skal ikkje gå tomt, meldte statsministeren då. Elles var det mest undervisningsmetoder og framtidas læringsformer som sto på agendaen, og Solberg var imponert over studentane og det dei la fram. 
 


Riving av Ivar Aasen-huset skal gi innovasjon

Siste hus på omvisinga var det eldste i rekka, og det som snart skal vekk: Ivar Aasen-huset er planlagt rive, og opp skal eit bygg som skal huse Norsk Innovasjonssenter.

Martin Foldal frå Sunnmøre Kulturnæringshage og gründer Tarjei Munthe Vassbotn frå Nofence og Tagr fortalte høvesvis om det å vere initiativtakar og leigetakar i eit slikt prosjekt, og kva dette vil ha å seie for regionen. Stikkord var mellom anna samarbeidet mellom studentar, tilsette og næringsliv i regionen, entreprenørskap, forsking og kunnskap. Også Høgskulen i Volda vil vere ein fast leigetakar ved innovasjonssenteret.

Foto: Gaute Hareide/HVO
Foto: Gaute Hareide/HVO

Statsministeren runda av rundturen med ei anna ny perle på høgskuleområdet: Nye Volda Campus Sparebank1 Arena, før følgjet kunne sette seg på flyet på Volda Ørsta lufthamn Hovden. 

- Vi ligg jo berre éin time unna Oslo, nytta Martin Foldal høvet til å minne om. 


 

Del på: