FoU-pris 2022 til professor Helga Synnevåg Løvoll

FoU-prisen for 2022 går til professor Helga Synnvåg Løvoll ved Institutt for idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag.

Helga Synnevåg Løvoll

Tekst: Karl August Swanstrøm, Foto: Tone Solhaug

- Oppdatert

Del på:

FoU-prisen for 2022 går til professor Helga Synnevåg Løvoll ved Institutt for idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag.

Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.

I tildelinga la høgskulestyret mellom anna vekt på at Helga Synnevåg Løvoll har vore tilsett i mange år ved Avdeling for kulturfag og har gjennom desse åra bidrege til å løfte denne avdelinga innan FoU-området. Løvoll disputerte i 2016 ved Universitetet i Bergen, og har særleg dei siste åra hatt ei fin utvikling innan forskingsverksemda si. Løvoll fekk godkjend opprykk til professor i mars 2022. 

Løvoll har mellom anna teke på seg doktorgradsrettleiing for doktorgradsstipendiatar ved Avdeling for kulturfag, ho har bidrege til søknadsskrivinga for andre stipendiatar ved Avdeling for kulturfag, og ho er ansvarleg for forskingsdelen av prosjektet «Future skills» i høgskulen sin Utviklingsavrale med KD.

FoU-prisen vert delt ut i samband med opninga av Forskingsdagane fredag 23. september 2022.

Del på: