Frå Kenya til Volda med ei viktig historie

Tekst: Per Straume

I 2007 kom Caroline Chemnangoi frå Kenya til Volda og utdanna seg til sosionom. No har ho skrive bok om korleis det er å vekse opp i eit land der valdtekt og utnytting av kvinner er svært vanleg, og om overgangen til eit liv som afrikansk student i Volda. 

Chemnangoi studerte norsk i et år i Volda, før ho fullførte sosionomutdanninga og deretter tok ein mastergrad ved NTNU. Etter dette jobba ho i nokre år i Kenya, med særleg interesse for å auke kunnskapen om aldersdemens i heimlandet. 

No er ho attende i Noreg, og arbeider for tida i Sandnessjøen. Der har ho skrive boka Resilience – Reflections of determination and God`s providence, som er ei bok om oppvekst i eit land som er prega av ein kultur der kvinna er mannen sin eigedom, og om overgangen til eit liv som afrikansk student i Volda. For nokre dagar sidan var ho i Volda og overrekte boka til biblioteket ved høgskulen. Den vil vere til utlån ved biblioteket.

Del på