Frist 1. mars: Søk vidareutdanning med stipend

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Alle lærarar i barnehage og skule, ta en titt her. Høgskulen i Volda har heile 20 ulike tilbod innan Kompetanse for fremtidens barnehage og Kompetanse for kvalitet, som alle har gunstige stipendordningar. Søknadsfristen er 1. mars.

Kompetanse for kvalitet (KfK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB) er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr i samarbeid med Utdanningsdirektoratet (UDIR) 20 studietilbod med til saman 815 plassar. 5 tilbod for tilsette i barnehagen og 15 tilbod for tilsette i skule.

Studietilboda

Slik søkjer du KfK

Lærarar som vil søkje KfK-studiar må fyrst søkje gjennom UDIR sin portal. Søkeperioden for desse studia er 1. februar – 1. mars. 

Om søknaden blir godkjent av arbeidsgivar og Udir må søkaren søke opptak lokalt hos Høgskulen i Volda i mai. Det siste vil søkaren få beskjed om gjennom en e-post i slutten av april/starten av mai.

Utdanna lærarar som ikkje har blitt prioritert eller ikkje har fått studieplass i ordninga kan søkje ledige plassar frå ultimo mai. Ta kontakt med EVU-ansvarleg (sjå kontakinformasjon nedst på denne sida) dersom du vil stå på liste for opptak ledige plassar KfK eller KfB. Opptak på ledige plassar gir ikkje støtte frå UDIR, men tilboda er utan avgift.

KfK har stipend eller vikarstøtte

Lærarar velje mellom kr. 126 000,- i stipend (30 stp) eller vikarstøtte der ein reduserer stilling med 37,5% (30 stp). Les meir om KfK ordningane og sjå studiekatalogen til UDIR.

Slik søkjer du KfB

Barnehagelærarar som vil søkje KfK-studiar må fyrst søkje gjennom UDIR sin portal. Søkeperioden for desse studia er 1. februar – 1. mars.

Deretter må styrar i barnehagen godkjenne søknaden. 

Om søknaden blir godkjent av Udir må søkaren søke opptak lokalt hos Høgskulen i Volda i mai. Det siste vil søkaren få beskjed om gjennom en e-post i slutten av april/starten av mai.

Utdanna lærarar som ikkje har blitt prioritert eller ikkje har fått studieplass i ordninga kan søkje ledige plassar frå ultimo mai. Ta kontakt med EVU-ansvarleg (sjå kontakinformasjon nedst på denne sida) dersom du vil stå på liste for opptak ledige plassar KfK eller KfB. Opptak på ledige plassar gir ikkje støtte frå UDIR, men tilboda er utan avgift.

KfB har tilskotsordning

I denne ordninga får barnehagen eit tilskot for å støtte barnehagelærarar som tar vidareutdanning. Støtta er på kr. 100 000. Pengane kan gå til lærebøker, reise og opphald, vikarutgifter og andre studierelaterte utgifter.

Les meir om KfB-ordningane og sjå studiekatalogen til UDIR.

Del på