Frode Sætre med bok om båtbygging i Bjørkedalen

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Den nye boka gir eit innblikk i båtbyggjartradisjonen på Bjørkedalen. Gjennom ei samling av 15 artiklar, med fleire forfattarar og ulike vinklingar, får vi kjennskap til eit båtbyggjarmiljø og ein båtbyggjarkultur av svært stort omfang.

Skriftlege kjelder om denne båtbyggjartradisjonen har tidlegare vore spreidd og lite samla, og nokre kjeldar har ikkje vore digitalisert. Ut frå dette er hovudmålsetjinga med denne artikkelsamlinga å få samla mykje av det skriftlege materialet om båtbygging på Bjørkedalen mellom to permar. Dette er interessant for trebåtentusiastar, for dei som er interesserte i kystkultur, kystfriluftsliv, historie, språk, og folk med tilknyting til Bjørkedalen. Vidare vil det vere ein kunnskapsbase for studentar ved Høgskulen i Volda, som vert interesserte i bjørkedalsbåtane gjennom Seksjon for idrett og friluftsliv sine kurs på Yksnøya.  

– Å samle, ta vare på og vidareformidle historia om ein båtbyggjartradisjon, har nytteverdi i seg sjølv. Vi tek vare på noko av vår eiga historie, og det kan gi oss, og komande generasjonar, utvida innsikt også i eiga samtid. Vi tek vare på språket, ord og uttrykk og byggjeteknikkar, noko som har verdi både for oss som lever i dag og for etterkomarane våre. Å ta vare på eit stort nynorsk ordforråd vil gi ein rikare kommunikasjon, både i samtid og framtid, seier Sætre.

Det vert fortalt om kvifor Bjørkedalen vart ei båtbyggjargrend, omfanget av båtbygginga, ulike båttypar, historier frå båtbyggjarmiljøet, ord og uttrykk knytt til båtane og byggjeteknikk ved klinkbygging av båt. I tillegg vert det fortalt om rekonstruksjon av ei sunnmørsjekt, båtdraging, Bjørkedal kystlag og båtsamlingane, sentrale personar og erfaringar frå bruk av klinkbygde båtar.

– Når det gjeld vikingskipsepoken, som starta på 70-talet, og varer enno, er det tatt med berre ein artikkel. Her finst det så mykje skriftleg materiale og foto, at dette må verte ei eiga bok, seier førstelektoren.

Overskotet frå salet av artikkelsamlinga vil gå til Bjørkedal kystlag sitt viktige arbeid for å bevare og levandegjere kystkulturen, vår felles kulturarv.

Frode Sætre underviser i kystfriluftsliv og er ein ivrig seglar og båtmann. Han har tidligare gitt ut boka Yksnøya. Liv og sjøliv (2009). Saman med Tore Aarflot har han gitt ut bøkene, Frå tare til topp. Turar og opplevingar Sørøyane på Sunnmøre (2012), Kvamsøya, Haugsholmen, Storholmen, Riste, Turar og opplevingar (2018), og Sandsøya og Voksa, Turar og opplevingar (2018).

Del på