Full jubel for nyvinning

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har fått godkjent å starte opp erfaringsbasert mastergrad for lærarar i fire skulefag. – Behovet for meir utdanna lærarar i fylket er relativt stort, seier professor emeritus Peder Haug.

Dette blir den første erfaringsbaserte masteren ved Høgskulen i Volda (HVO), eit tilbod som er eit strategisk satsingsområde for høgskulen. Masteren blir tilbydd i skulefaga engelsk, matematikk, norsk og samfunnsfag.

– Det har vore mykje arbeid og eit omfattande prosjekt. Då er det desto artigare at vi fekk det godkjent, seier Pål Hamre, førsteamanuensis i norsk. Han feira fredag med kake saman glade kollegaer ved HVO.

Etterspurt av lærarane

Hamre har saman med Kjetil Myskja, førstelektor i engelsk, Arne Kåre Topphol, dosent i matematikk, Kjersti Straume, førsteamanuensis i samfunnsfag, opptaksansvarleg Ragnhild Paulsen og Peder Haug skrive søknaden som Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) har godkjent. Eit dokument på nærmare 400 sider.

Etter at grunnskulelærarutdanninga frå 2017 vart gjort om til ei femårig masterutdanning, har det gjort sitt til at behovet og etterspurnaden etter høgare kompetanse for lærarar utan mastergrad og lektorkompetanse er og vil bli større. I 2022 er dei første ferdigutdanna grunnskulelærarane med masterutdanning klare for arbeidslivet.

– I dag har seks prosent av lærarane i grunnskulen i Møre og Romsdal lektorkompetanse. Det er eit av dei fylka med lågast utdanningsnivå. Det er lærarar som har lærarutdanning over tre og fire år, som ein gjerne ser at aukar kompetansen sin, og då passar denne masterutdanninga perfekt, seier Haug og får følgje av Hamre:

– Gjennom kontakten vår med praksisfeltet ser vi at fleire og fleire lærarar viser interesse for eit mastertilbod – dei opplever det slik at dei har ei lærarutdanning på lågare grads nivå, og dei vil ha ei fagleg «oppdatering» som gir dei kompetanse på nivå med dei som no tek til med grunnskulelærarutdanningane (masternivå).

Ein reknar også med at utdanninga vil vere attraktiv for lærarar i vidaregåande skule. I Møre og Romsdal har under 30 prosent lektorkompetanse, og behovet for betre kvalifiserte lærarar er såleis stort der også.

Høgre løn

Kravet for å ta den nye mastergraden er fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i faget ein vil ha som fordjuping og minst 2 års relevant yrkespraksis. Desse krava gjer også at lengda på graden er kortare enn normalt. Mot to år, som er det normale, vil denne mastergraden gå over 1,5 år (heiltid) og telje 90 studiepoeng. Ein kan også velje å ta den på deltid (3 år). Ein vil ha oppstart av første kull hausten 2020.

Med mastergraden følger også lektorkompetanse og rett til ein god del høgre løn i skulen. – Forskjellen på ein adjunkt og lektor i grunnskulen er mellom 32 000 og 52 000 kroner, alt etter ansiennitet, fortel Hamre.

Solide fagmiljø

Nyvinninga vil ha fire ulike løp, eitt for kvart av dei fire faga engelsk, matematikk, norsk og samfunnsfag. Å få alle desse godkjent av NOKUT, er eit klart kvalitetsstempel, meiner Haug: – Det viser at vi har solide fagmiljø som alle kan bere ei mastergrad.

Masterløypene blir tilbydd i samarbeid med grunnskulelærarutdanninga, der ein vil ha undervisning saman og dra nytte av kvarandre. – Det er ein vinn-vinn-stuasjon for begge. Ein vil få større studentgrunnlag og samstundes også lære av kvarandre sine erfaringar, seier Hamre.

Viktig for kvaliteten

Ute i skulane har ein øvingslærarar som rettleiar grunnskulelærarstudentar som er ute i praksis. Svært få av desse øvingslærarane har lektorkompetanse og er lågare utdanna enn det som studentane dei rettleiar skal bli.

– Ein erfaringsbasert master for lærarar vil forsere arbeidet med å heve kompetansen i grunnskulen generelt, og på øvingsskulane spesielt. Det vil vere viktig for kvaliteten på grunnskulelærarutdanningane om andelen lærarar og øvingslærarar med master aukar så raskt som mogleg. Når øvingslærarane etter kvart sjølve har masterutdanning, vil dei på ein annan måte enn no kunne rettleie studentane på masternivå og vere ressurspersonar når det gjeld utvikling av praksisrelaterte masterprosjekt, forklarar Hamre.

Han fekk ein spesiell applaus av kollegaene under markeringa på oppfordring av Haug.

– Hadde det ikkje vore for Pål (Hamre) hadde ikkje dette gått. Han har vist stor interesse i saka og hatt ei ivrig penn. I tillegg har vi fått mykje god hjelp av studieadministrasjonen, sa Haug som saman med kollegaene kunne ta helg med eit breitt smil om munnen.
 

Del på