Fysisk studiestart over to dagar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Det er no bestemt at det vert fysisk opning av studieåret 2020/21 ved Høgskulen i Volda. Opninga vil gå føre seg 18. og 19. august. 

– Vi er glade for å ha tatt avgjerda om at det blir studiestart i Volda der studentar og faglærarar får møte kvarandre fysisk, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda (HVO).

Leiinga ved HVO hadde fleire alternativ til offisiell opning av studieåret. Dei landa på den løysinga dei meiner stettar krava som er til smittervern i dag på best mogleg vis og som praktisk let seg gjennomføre på ein mest smidig måte.

Det gjer at ein går bort ifrå å ha opning av studieåret på ein dag, som igjen betyr at alle førsteårsstudentar skal møte opp 18. eller 19. august. Alle andre enn dei som startar på eit nytt studium, får beskjed om sin studiestart hausten 2020 i Canvas.

I staden for å ha ei offisiell opning med scene alle er samla framfor, blir det i år laga ei sending som studentar og lærarar skal sjå saman på ein større skjerm. Det blir sett opp storskjermar på høgskuleområdet og tatt i bruk dei største undervisningsromma med skjermar.

– Alle førsteårsstudentane på ei utdanning skal vere samla og sjå denne opninga ilag. Etterpå følger dei opp med vanleg oppstart av studiet og studentane får møte faderane sine, seier Tonheim før han avsluttar:

– Vi jobbar framleis med at alle studentar som det er tenkt at skal ha fysisk undervisning, skal få det hausten 2020.  

 

Lurer du på noko om studiestart? Vi har samla informasjon om alt frå registrering til tips om bustad og reise på studiestartportalen vår!
 

Del på