Gikk mann av huse for cannabis-forsking

Tekst: Per Straume , Foto: NKROP

- Oppdatert

Cannabis er tydeleg et brennheitt tema om dagen. Då Silje Dahl og forskarkollegaar lanserte Cannabisboka måtte dei opne andre rom i Litteraturhuset i Oslo då den største salen raskt vart fylt til randen.

– Det er kjekt å arbeide med eit felt som betyr noko for folk flest, og som mannen i gata vil høyre på, seier Silje Dahl, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Under lanseringa av Cannabisboka, der Dahl har skrive eitt av kapitla, i slutten av august håpte ho at det ville kome litt folk å høyre på. Då ho sjølv kom til Litteraturhuset ein time før lanseringa, skjønte ho at boka var noko som interesserte mange. – Eg måtte forsiktig seie at eg skulle halde eit innlegg og presse meg fram i køa.

Interessant for mange

Då den største salen som tek 200 personar vart fylt opp i god tid før lanseringsstart, ordna ein eit anna rom der over 100 personar fekk med seg lanseringa via strøyming.

– Dette var eit anna forum enn til dømes ein forskarkonferanse eller eit seminar for  fagtilsette i ein kommune. Her var det alle moglege slags folk – og difor var det ekstra kjekt at interessa var så stor. Som sosiolog er det interessant å arbeide med noko som rører ved grupper i samfunnet, synest Dahl.

Vaksenlivet gjer cannabis vanskeleg

Ho disputerte for fire år sidan med avhandlinga «Ein forskjell som gjer ein forskjell? Forteljingar om cannabisbruk». Det er også utgangspunktet for kapittelet «Korleis blir cannabisbruk attraktivt og akseptabelt?», som Dahl har skrive i Cannabisboka. Ho har gjort djupneintervju med cannabisbrukarar som enten er i jobb eller studerer, og tilsynelatande fungerer normalt i samfunnet. Desse personane har anten slutta med cannabis eller trappa kraftig ned på bruken, og Dahl har spurt dei kva bruken av stoffet gav dei og kvifor dei ikkje ville nytte seg av det som tidlegare.

– Cannabisbruken til desse følger same mønsteret som alkoholbruk i ungdommen hos mange. Den er størst i ungdomsåra og minkar når ein vert meir vaksen og får fleire og meir ansvarstynga plikter. Det vert eit krav frå «vaksensamfunnet» om at ein må slutte å røyke cannabis eller i alle fall halde bruken på eit lågt nivå, fortel Dahl, som har fleire døme på kvifor brukarar som jamt har nytta seg av cannabis, legg det bort:

Silje Dahl

– Nokon opplever psykotiske episodar og panikkangst, og sluttar av den grunn. Fleire av desse kunne tenkt seg å halde fram med å nyte cannabis, men klarer det ikkje. Det var også døme på brukarar som slutta fordi dei opplevde at bruken tok opp for mykje av tida deira, og i ettertid ser dei t.d. at dei ikkje gjorde det så godt som dei kunne ha gjort eller vart forseinka i studia.

Ei av desse sa at ho «kasta bort 20-åra sine» og at livet handla om å vere på det hun måtte vere på på universitetet, og resten av døgnet sat ho stort sett heime med sambuaren og røykte cannabis. Elles kan grunnar for å slutte vere at ein får ein sambuar som ikkje likar at ein driv med det, ein jobb som krev meir, at ein skal blir mor eller far eller, seier Dahl.

– Må lære av legalisering

Volda-forskaren fortel at cannabis betyr mykje for dei type brukarane ho har studert, og vil samanlikne det med alkohol for mange. – Det vert litt det same som vinen eller ølen mange er «avhengig av» når helga kjem.

Legalisering av cannabis har vore med å prega nyhendebilete den siste tida. Sist ute var sakene om Unge Venstre representantar som vart nekta å flagge sitt synspunkt «ja til legalisering av cannabis» med plakatar under skuleval. I likskap med mange andre som forskar på feltet ønsker ikkje Dahl å ta eit klart standpunkt i den debatten.

– Det er for tidleg å diskutere full legalisering i Noreg. Det er viktig å hente erfaringar frå andre land som har endra lovgjevinga rundt cannabis. I enkelte statar i USA er cannabis lovleg og det er frie marknadskrefter som styrer omsettinga. Nokre stader er det fleire butikkar som sel cannabisprodukt enn det er Starbucks-kafear og McDonalds-restaurantar. Men slik trur eg det aldri vil kome til å bli i Noreg, difor er kanskje ikkje erfaringane derifrå så nyttige for oss.

Canada har nyleg legalisert cannabis til rekreasjonsbruk, men der har dei ei mykje strengare regulering av kva for cannabisprodukt det er lov å selje, kven som kan selje og korleis produkta kan marknadsførast. Om det skulle bli aktuelt med legalisering av cannabis i Noreg, tippar eg at vi vil bruke vinmonopolet og den strenge alkoholreguleringa som modell. 

Samansett bok

Cannabisboka har Dahl skrive saman med 15 andre forskarar. Dei har ein svært tverrfagleg bakgrunn og kjem frå desse fagfelta: psykologi, medisin/farmakologi, sosiologi, samfunnsøkonomi, jus, epidemiologi og kriminologi. Cannabisdebatten har vore prega av steile frontar og ein god del påstandar utan empiriske grunngjevingar. Eitt av måla med denne boka er å bidra med faktakunnskap slik at debatten kan bli meir opplyst.

Del på