Gir lærarstudentar unik moglegheit til å lære om fortida

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda og Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal har fått tildelt midlar frå Arkivverket til utvikling av eit tverrinstitusjonelt samarbeid for å fremme kunnskap om arkivets betydning i eit demokratisk samfunn. 

– Det er lite allmenn kunnskap om arkivets rolle i demokratiske samfunn, og vi vil gjere noko med dette, seier drivarane av prosjektet, Åsta Vadset ved Interkommunalt Arkiv Møre og Romsdal, og Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor i historiedidaktikk ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda. 

Trudi Eikrem
Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor i historiedidaktikk ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda. 

I fyrste omgang er det lærarstudentar i 3. året og spesialisering i samfunnsfag som tek del i prosjektet.

– Formålet er å styrke lærarar sin kompetanse om arkiva si betydning for enkeltmenneske og fellesskapen, gjennom arbeid med arkiv og historiske kjelder. Arkivkompetanse er eit underkommunisert vilkår for å skjøne den demokratiske praksis, seier Eikrem som har undervist lærarstudentar i demokratisforståing og didaktikk i fleire år. 

– Lærarar treng også kunnskap om arkiv for å kunne utvikle eigenrefleksjon og kritisk kompetanse om kunnskapsproduksjon, og for å kunne formidle desse innsiktene til elevar, t.d. ved å sjølve ta i bruk arkivdokumentasjon i sitt framtidige didaktiske arbeid. Ved hjelp av ny teknologi har lærarar heilt andre føresetnadar for å gi elevar kunnskap og innsikt i vilkår for kunnskapsutvikling, men våre studentar må sjølve undersøke moglegheitene – og det er det vi vil gi tilgang til gjennom dette prosjektet, meiner Eikrem.

Les meir om lærarutdanningane i Volda her.

Svært oppslukte og engasjerte

Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal, som ligg i Ålesund, tek i mot og ryddar hundrevis av lokalt og regionalt kommunale arkiv og privatarkiv. 

– Dette er «vår region» sine eigne stemmer frå fortida. Om ikkje borgarane har kunnskap om verdien av å bevare stemmene frå fortida har arkivets arbeid avgrensa verdi – slik kan vi nå ut til mange, og vi trur det er viktig at lærarar erfarer dette for å kunne kome til erkjenning. Det å øve saman med studentane vil gi dei grunnlag og tryggleik i det å utvikle ferdigheiter og slik kan dette bli til varig kunnskap om korleis kunnskap blir til, og korleis undervise i historie. Vår erfaring er at studentane blir svært oppslukte og engasjerte i kjeldearbeidet sitt. Det opplever å kome i kontakt med menneska bak historiene, seier arkivar og historikar Åsta Vadset. 

Samarbeidet kring prosjektet som har tittelen "Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning" mellom Institutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) / Avd. for samfunnsfag og historie (ASH) ved Høgskulen i Volda og IKAMR – vart tildelt kr 160 000,- til første året i eit to-årig prosjekt. 

Kan komme fleire studentar til gode

Prosjektet har oppstart heilt i starten av 2023. Prosjektleiarane ser fram til samarbeidet med studentane, og skal fylgje studentane sitt arbeid med kjeldegransking tett. Bibliotektenesta ved høgskulen er også ein sentral del av prosjektet, og skal leie arbeidet med søk i sekundærkjelder.

Elin Gundersen
Elin Gundersen, historikar og rådgivar ved biblioteket.

– Studentar som gjer funn i arkivmaterialet veit ofte ikkje korleis dei skal tolke funna sine, og treng støtte i arbeidet med å finne litteratur som kan kaste lys over fenomenet, slik at det gir meining, seier historikar Elin Gundersen – tilsett ved biblioteket ved Høgskulen i Volda. 

Ho blir med i ein del av prosjektet som startar no i vårsemesteret. 

Målet er å utvikle ei undervisningsform som kan kome fleire av studentane ved Høgskulen i Volda til gode. Det gjeld både historiestudentar og studentar ved dei mange profesjonsutdanningane. 

– Å lære om korleis kunnskap blir til er ein grunnleggande føresetnad for å kunne tenkje kritisk. Alle, uansett utdanningsval, treng innsikt i og djupare forståing av vilkår for demokratisk danning, avsluttar Eikrem.

 

Del på