Gode koronaråd før fysisk undervisning startar opp igjen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Frå 1. februar blir det meir fysisk undervisning ved Høgskulen i Volda igjen. Her får du informasjon og anbefalingar som kan vere greie å ha lest til ein skal tilbake til høgskuleområdet igjen.

Da regjeringa skjerpa inn smitteverntiltaka mot slutten av 2021 bestemde Høgskulen i Volda at all undervisning skulle gå føre seg digitalt ut januar 2022. Med lettane i smitterverntiltaka på nyåret vil ein no legge til rette for ein god del fysisk undervisning igjen. 

PCR-testar, hurtigtestar og vaksinering

Høgskulen har no fått eit lager med PCR-testar som kan hentast hos Studentsørvis. Studentar kan gjerne hente ein PCR-test og ha liggande heime i tilfelle dei får bruk for den. Ein skal sjølv ikkje hente test om ein er smitta eller har symptom. Då må ein forsøke å få andre til å hente test for seg.

Volda kommune delar ut PCR-testar ved:

  • teststasjonen i Hovdebygda
  • rådhuset i Volda

Du leverer inn PCR-testar her: 

  • teststasjonen i Hovdebygda (i opningstida til teststasjonen)
  • Volda samfunnshus: Det er sett opp ei kasse til innlevering av prøver ved inngangen til det vesle testlokalet i Volda Samfunnshus (adr. Storgata 14, 6100 Volda), inngangen er mot Storgata (andre sida av bygget i forhold til inngangen til kinoen). 

PCR-testing er no sjølvtesting, og ved teststasjonen i Hovdebygda er det no berre utlevering og innlevering av testar som går føre seg.

Høgskulen vil også framover få hurtigtestar frå kommunen kvar veke. Høgskulen vil ikkje ha nok testar til all undervisning frå 1. februar, men vil prioritere praktisk undervisning der ein ikkje kan halde ein meters avstand eller studentar som er nærkontaktar. Hurtigtestar vil bli delt ut av dei som underviser, og kan ikkje hentast av studentane sjølve.

Les all informasjon om testing frå Volda kommune her

Vaksinering: Volda kommune har drop-in vaksinering torsdagar i januar kl. 14.00-19.00. Du kan kome og få vaksine utan å bestille tid. Kommunen oppmodar likevel om at flest mogleg bestiller time for å få betre oversikt og spare tid vaksinedagane. Hugs at det må ha gått 20 veker mellom dose 2 og 3.

Les meir om vaksinering og bestilling av time hos Volda kommune.

Les all informasjon og få siste koronanytt frå Volda kommune her.

Her kan du lese om alle dei nasjonale koronaråd- og reglane

Del på