Gode opptakstal på mediefag og sosialfag

Høgskulen i Volda opplever stabile søkartal.

studentar i studio

Tekst: Terese Balsnes, Foto: HVO / Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Del på:

Alle søknader til Samordna opptak er no ferdig handsama, og tilbod om studieplass eller plass på venteliste har gått ut til søkjarar til universitet og høgskular i heile landet. Høgskulen i Volda opplever stabile søkjartal. 

Ventelister på sosionomutdanninga og alle mediefaga

Høgskulen i Volda er førstevalet for mange søkjarar som ønskjer å studere sosialfag og mediefag til hausten. Det er ventelister både på Sosionom, Journalistikk, Medieproduksjon og PR, kommunikasjon og media. Rektor Johann Roppen synest det er kjekt at desse studia har mange søkjarar. – Vi er glade for at vi hausten 2023 tilbyr Master i barnevernsarbeid, seier han. 

Årsstudiet i Friluftsliv har også venteliste, noko som har vore ein trend over fleire år. Saman med Journalistikk og Medieproduksjon er dette utdanningane med høgast poenggrense ved Høgskulen i Volda. 

Som forventa

portrett av rektor
Rektor Johann Roppen.

Dei samla søkjartala for høgare utdanning syner ein auke på 0,8 prosent søkjarar samanlikna med 2022. På Høgskulen i Volda er det ein nedgang på 4,1 % i søkjarar som har høgskulen som førsteprioritet, med 1045 søkarar i år mot 1090 søkarar i 2022. – Dette er forventa, seier rektor Johann Roppen.

Grunnskulelærarutdanningane

Tal for heile landet syner ein nedgang i talet på søkjarar til lærarutdanningane. Høgskulen i Volda har derimot like mange førsteprioritetssøkjarar til Grunnskulelærarutdanning for 1.- 7. trinn i år som i fjor. Grunnskulelærarutdanning for 5. – 10. trinn følger den nasjonale trenden.

Framleis mogleg å bli student i Volda til hausten!

Trass i ventelister på mange studium, har Høgskulen i Volda framleis ledige studieplassar.

Del på: