Gode tilbakemeldingar på kulturfagsatsinga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0d894ec256823eedbf87fa087afe34df3a2f8727

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Foto: Olav Thokle

– Med oppretting av Senter for kulturproduksjon, SEANSEda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b og høg aktivitet ved landets einaste Avdeling for kulturfag viser Høgskulen i Volda at dei tek viktige utfordringane for kulturlivet på alvor, kommenterte kunnskapsminister Kristin Halvorsen då delegasjonen tysdag denne veka fekk ein grundig presentasjon og eit møte med tilsette både i SEANSE og ved Avdeling for kulturfag.

– Statsråden uttrykte at ho var imponert over satsinga ved høgskulen og sa at SEANSE var interessant for Kunnskapsdepartementet, fortalde dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag etter møtet.

– Dei bad om meir informasjon og lova å vurdere SEANSE-prosjektet med tanke på økonomisk støtte.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen sa også at situasjonen for dei estetiske faga vart vurdert i Kunnskapsdepartementet, og at ein var klar for utfordringane desse står ovanfor mellom anna i skulen.

00801e3433c7f21bce01f6bbdc18b2c86d4d4efe

Marit Ulvund ved Avdeling for kulturfag og ein av initiativtakarane bak SEANSE. Foto: Britt Ølnes.

 

Les fleire saker om Avdeling for kulturfag:

link_pil3Statsråden imponert over suksess over satsinga på kulturfag

I strålande solskin fekk kulturminister Anniken Huitfeldt høyre om mellom anna Volda si satsing på kulturfag, og auken i søkjartala dette har gitt for Avdeling for kulturfag. Les meir

 

link_pil3Opptaket: - Satsinga på kulturfag har lønt seg

Søkjartala til Høgskulen i Volda viser ein samla oppgang. - Vi har 1350 søkjarar i lokalt opptak, til masterutdanningar, deltidsutdanningar, nettverkorganiserte utdanningar. Dette er ein auke på over 10% i forhold til 2009, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Les meir 

 

Del på