Gratis seminar om kunstig intelligens for regionen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Er du nysgjerrig på, skeptisk til, arbeider med eller kanskje vil begynne å nytte deg av kunstig intelligens (KI) – bør du kome til Høgskulen i Volda 9. november.

Mange sider av kunstig intelligens (KI) blir tema i foredrag, debattert frå salen og snakka om i lunsjen når Høgskulen i Volda byr inn folk i regionen til gratis seminar torsdag 9. november. Enten du er student, arbeider i kommune, fylkeskommune, næringsliv eller ein frivillig organisasjon eller er tilsett ved Høgskulen i Volda, er du hjarteleg velkomen til å ta del.

For at samfunnet skal nytte seg av KI på best mogleg vis, er ein avhengig av samarbeid på tvers av sektorar og arbeidsplassar. Det ønsker dette seminaret å vere ei drivkraft i. Det vil vere felles-sesjonar og delar der ein kan velje mellom ulike sesjonar. 

Temaa til innlegga spenner frå utfordringar og moglegheiter i skule og utdanning til korleis ein kan nytte KI og kamerateknologi til å bedømme kvaliteten på laksefilet. Og der imellom vil det også vere foredrag om blant anna KI i helsesektoren, mediebransjen og kommunar og dessutan om KI og bilde.

Det er gratis deltaking og lunsj på seminaret.

Påmelding

Vil skape KI-arena

Det er Høgskulen i Volda (HVO) ved IT-kontoret som er arrangør av seminaret. I tillegg til fagkrefter frå ulike fagmiljø ved HVO, vil det vere foredragshaldarar frå både privat og offentleg sektor som står bak foredraga.

– Vi har sakna ein felles arena for KI i regionen vår, og håper dette seminaret kan vere ein kickstart for noko slikt. Vi ønsker å samarbeide med privat, offentleg og frivillig sektor, og finne ut av og dele erfaringar om god bruk av KI. Det håper vi fleire i regionen vil vere med på, seier Peder Smart Sefland, overingeniør i IT ved HVO og leiar for gruppa som står bak seminaret.

Sefland fortel at dei legg opp til plenumsdiskjonar, og at det vil vere myldeområde der folk kan knyte viktige kontaktar for framtida. 

– Vi ønsker å gjere KI ufarleg for folk, slik at dei ser moglegheitene i denne intelligensen som er komen for å bli. Samstundes er vi opptekne av at det skal skje innanfor regulerte former, slik at det ikkje går over styr, påpeiker Sefland. 

Breitt spekter

Til seminaret kjem Leif Rune Solås, utviklingsleiar i lakseoppdrettsselskapet Mowi, for å snakke om korleis KI endrar arbeidskvardagen deira. Når medarbeidarane skal vurdere kvaliteten på laksen i alle ledd, kan kamerateknologi og KI nyttast til å gjere jobben raskare og betre.

Paul Ottar Tornes, digitaliseringsrådgjevar i Volda kommune, vil ta for seg moglegheitene KI kan gi kommunal sektor på eit overordna nivå. Han vil også forsøke å få til ein dialog om etikk når ein nyttar KI til profilering og automatisering av tenester. 

Siv Måseidvåg Gamlem, professor ved HVO, vil ta for seg utfordringar og moglegheiter i skule og utdanning. Gamlem vil argumentere for at KI kan vere til støtte i til dømes læringsarbeid og i vurderingar, men at bruken også kan gi utfordringar dersom formålet vert styrt mot prestasjon i staden for læring.

I tillegg vil ei rekkje andre halde innlegg om tema nemnt tidlegare i artikkelen.

Høgaktuelt for studentar

Sefland meiner seminaret i høgste grad er aktuelt for studentar ved HVO. Ein av dei – Per-Gunnar Tandstad – skal fortelje om korleis han opplever KI i studiekvardagen sin. 

– Studentane må kunne noko om KI i framtida, uansett om dei studerer barnevernspedagog, animasjon, friluftsliv, grunnskulelærar eller noko heilt anna, seier Sefland.

– Kvifor det?

– Eg trur nyutdanna arbeidssøkarar vil vere meir attraktive i framtida om dei kan å bruke KI på ein fornuftig måte. Om ikkje vil dei bli sett på som avleggs. Ein del fryktar at KI skal ta frå oss arbeidsplassar, det er ikkje sikkert det skjer. Men det kan hende et nokre mister jobben sin til andre personar som kan KI betre enn dei sjølve. 

Del på