Gründer i magen? Få gode råd gratis på campus
Sit du på ein forretningsidé som student, kan du no få verdifull rådgiving der du er. Kvar torsdag møter du nemleg erfarne rådgivarar i «Entreprenørskap HUB» rett ved biblioteket.

Desse var klare med kake under opninga av «Entreprenørskap HUB» på Høgskulen i Volda (HVO). F.v.: Erlend Krumsvik (Sunnmøre Kulturnæringshage), Liisa Mänd (Sunnmøre Kulturnæringshage), Ronda-Kristine Bekkevoll (Studentparlamentet), Eirik Søvik (prorektor), Ammy Bolme (Studentparlamentet) og Martin Foldal (Sunnmøre Kulturnæringshage). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Sit du på ein forretningsidé som student, kan du no få verdifull rådgiving der du er. Kvar torsdag møter du nemleg erfarne rådgivarar i «Entreprenørskap HUB» rett ved biblioteket.
Med saftig marsipankake opna det nye tilbodet «Entreprenørskap HUB» i BK155A på Høgskulen i Volda (HVO) denne veka.
Her vil Sunnmøre Kulturnæringshage kvar torsdag kl. 8–15.30 framover tilby entreprenørskapsrådgiving. Målgruppa er alle studentar som er nysgjerrige på korleis ein kan starte si eiga næringsverksemd.
– Vi har høyrt at mange studentar ikkje veit om oss, så då kjem vi like godt hit og er her studentane er, smiler dagleg leiar Martin Foldal i Sunnmøre Kulturnæringshage.
Foldal håpar mange studentar finn vegen til det nye tilbodet midt mellom kantina og biblioteket i Berte Kanutte-huset, der dei kan få nyttige tips og starthjelp – til dømes innføring i den fruktbare støtteordninga hoppid.
– Her kan studentane til dømes få pengar til å reise og besøkje ei bedrift dei kan lære av, og gjere research på det feltet dei har ein forretningsidé innan.
Nyttig og spennande kompetanse

Nærmaste nabo til «Entreprenørskap HUB» på campus er Studentparlamentet, og derifrå fekk Ammy Bolme (avtroppande leiar) og Ronda-Kristine Bekkevoll (nestleiar) æra av å sprette kaka for det nye tilbodet til Volda-studentane.
– Dette blir bra, og det er flott å få dette tilbodet tett på der studentane er, seier dei to, medan det byrjar å sige på med andre nysgjerrige HVO-studentar i det nyopna lokalet.
Bekkevoll er tredjeårsstudent på bachelor i design, kunst og handverk og har gode erfaringar med tematikken og rådgivinga gjennom å ha tatt emnet Entreprenørskap i kulturnæringar (15 stp.) på HVO.
– Det er viktig at vi får prøvd oss på både praksis og teori, og dette emnet er ei fin avveksling frå å sitje over bøkene. Det har vore veldig artig og spennande å få lære meir om det å starte opp noko sjølv.
Bekkevoll meiner erfaringa med entreprenørskap kan ha stor verdi for alle slags studentar før dei skal ut i «den verkelege verda».
– Eg har fått mykje ut av det, både gode råd og ein praktisk kompetanse. Terskelen for entreprenørskap kan verke høg, men studiet har gjort meg tryggare på å prøve. Her i Volda er det mange studium som passar til det å starte si eiga bedrift, så eg håpar denne nye hubben på campus kan bidra til at fleire tek steget, oppmodar ho.

Entreprenørskap kan gi erfaringa som nyutdanna manglar
«Entreprenørskap HUB» skjer i samarbeid HVO og støttar mellom anna opp under det tverrfaglege POE-prosjektet, som skal skape sterkare arbeidslivsrelevans for kultur- og mediefaga.
Prorektor Eirik Søvik ser absolutt ein potensiell gevinst ved det nye tilbodet på campus.
– Mange av studentane våre går rundt med gode forretningsidear, og det at slik rådgiving er lett tilgjengeleg her, kan vere til hjelp for dei inn mot arbeidslivet som ventar.
Foldal i Sunnmøre Kulturnæringshage trur studentane kan lære mykje av å prøve å hoppe i det:
– Unge nyutdanna manglar typisk erfaring på CV-en når dei skal søkje jobb etter studia. Det å prøve å starte noko sjølv som student kan dermed også gi nyttig, handfast kompetanse ein får brukt seinare.
