- Hald på det gode samarbeidet

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Foto: HVO/Karl August Swanstrøm

Då Stortingets familie- og kulturkomité vitja HVO, var det ytringsfridom og samarbeid som var hovudtema. Avdeling for mediefag fekk ros for det gode samarbeidet dei har med bransjen, og den høge inn- og utvekslingsgrada ved avdelinga. 

Det var dekan for Avdeling for mediefag, Kate Kartveit, og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim som var vertskap då Stortingets familie- og kulturkomité la turen til Høgskulen i Volda denne veka. Hovudoverskrifter for det rikhaldige programmet dei fekk presentert var ytringsfridom, ulik forskingsaktivitet og samarbeid med næringsliv og mediebransjen. 

Dei fekk mellom anna ein presentasjon av det pågaånde POE-prosjektet som handlar om arbeidslivsrelevans
 


 At Høgskulen i Volda har hatt eit godt samarbeid med og er tett påkopla mediebransjen var noko av det komitémedlemmene var opptekne av, fortel dekan Kartveit og prorektor Mjellem Tonheim:
- Korleis jobbar Høgskulen i Volda med eit mediebilete som stadig er under endring, og ikkje minst eit polarisert mediebilete, var av spørsmåla vi diskuterte, fortel Mjellem Tonheim. - Bransjesamarbeidet, og viktigheita av å halde fram med det, var også noko vi snakka mykje om. 

Også internasjonalisering var tema. 

- Vi fekk ros for ein god internasjonal profil, og at vi har høg inn- og utvekslingsprosent, fortel Kartveit, som satte stor pris på besøket frå ein påskrudd, lydhør og spørjevillig komité.
- Vi er veldig glade for moglegheita til å vise fram dei ulike sidene ved medieutdanninga og forskinga vår, og peike på viktige område vi må jobbe med i framtida, seier dekanen.  
 

Del på