Har evaluert færøysk lærarutdanning

Randi Myklebust har hatt eit spennande oppdrag som ekstern rådgjevar for evaluering av færøysk lærarutdaning.

Randi Myklebust frå HVO under færøysk evalueringsoppdrag.

Frå høgre mot venstre: rektor Martin Tvede Zachariasen, dekan Erla Olsen ved Faculty of Educatin, ekstern rådgjevar Elsebeth Jensen, ekstern rådgjevar Randi Myklebust, leiar av evalueringskomiteen Frida Poulsen, komitémedlem Janus Jensen, komitémedlem Ninna Reinert, komitémedlem Elisabeth Holm og komitémedlem Magnus S. við Streym

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Randi Myklebust har hatt eit spennande oppdrag som ekstern rådgjevar for evaluering av færøysk lærarutdanning.

Til dagleg er Randi Myklebust førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk og prodekan for utdanning ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning på Høgskulen i Volda (HVO).

Myklebust har no hatt oppdrag som ekstern rådgjevar for evaluering av lærarutdanninga ved det færøyske universitetet Fróđskaparsetur Føroya. Oppdraget har ho hatt saman med dekan Elsebeth Jensen ved VIA University College i Danmark.

– Å ta del i eit evalueringsarbeid som dette er ei gyllen moglegheit for læring og samarbeid om lærarutdanning i ein nordisk og internasjonal kontekst. Slike samarbeid er nødvendige som grunnlag også for å utvikle kvalitet i lærarutdanninga ved HVO og i Noreg, seier Myklebust.

Inspirerande og nyttig samarbeid

Evalueringa gjaldt altså grunnskulelærarutdanninga på Færøyane.

Randi Myklebust, HVO.
Randi Myklebust. Foto: HVO / Tone Solhaug.

– Vi la opp til ei kvalitativ, prosessuell og formativ evaluering. Det blei gjennomført ein forholdsvis omfattande workshop-aktivitet, der både vitskapleg tilsette, studentar, praksislærarar, universitetsleiinga og samarbeidsrådet deltok. Med denne tilnærminga fekk vi eit rikt datagrunnlag som gav moglegheit til å gå i djupna på utdanninga.

Myklebust fortel om ei inspirerande, gjensidig utveksling av profesjonsfaglege perspektiv og praksisar.

– Ved sida av ei interesse for profesjonsinnrettinga i dansk og norsk grunnskulelærarutdanning var det færøyske kollegiet særs interessert i HVOs arbeid med å byggje profesjonskompetanse blant lærarutdannarane på campus og i skulane.

Fann fellestrekk mellom Færøyane og Volda

Onsdag 21. februar 2024 blei evalueringsrapporten «Eftirmeting av læraraútbúgvingini» overlevert rektor Martin Tvede Zachariasen og dekan Erla Olsen ved Faculty of Education.

Evalueringa blei dessutan presentert og drøfta i seminar der universitetsleiinga, vitskapleg tilsette, skuleleiarar, praksislærarar, studentar og fagforeininga deltok.

Dei to eksterne rådgjevarane Myklebust og Jensen bidrog med faglege presentasjonar.

Myklebust fortel at dei fann trekk ved den færøyske utdanninga som også er gjenkjennelege ved grunnskulelærarutdanninga både her ved HVO og i Noreg elles.

– Det gjaldt mellom anna utfordringar knytte til å skape ulike samanhengar, til dømes samanheng mellom overordna profil og emneinnhald i undervisningsfag og pedagogikk, og samanheng mellom undervisninga i undervisningsfag og kva studentane opplever å møte i praksis.

Del på: