To heile veker med VEKA: Er du klar?
No brakar det laust med revy, kviss, konsertar og mykje meir i Volda under VEKA 10.–24. februar. Sjekk ut programmet og plukk dine favorittar!
No brakar det laust med revy, kviss, konsertar og mykje meir i Volda under VEKA 10.–24. februar. Sjekk ut programmet og plukk dine favorittar!
Årets festival pangstartar laurdag 10. februar med premieren på vekerevyen, og varer til 24. februar. Du kan sjå fram til to veker fulle av godbitar, mellom anna kviss, ølsmaking, songkonkurranse og konsertar med dei kjende artistane Moyka, Delara og Metteson.
– Den beste revyen nokonsinne
Revyen, som er eit høgdepunkt for mange, vil nesten heilt garantert trimme lattermusklane til publikum i år også.
Revysjef Fanny Birkeland har saman med instruktør Sebastian Lerpold teke på seg den ærefulle oppgåva med å leie heile sirkuset. Dei studerer begge journalistikk på første året, men er trygge og klare for å føre vidare ein av Voldas herlegaste tradisjonar.
Program og billettar
Dette er noko mange studentar engasjerer seg i og jobbar hardt for å sette opp, og som skal glede heile bygda!
– Vi er audmjuke, seier Lerpold, før Birkeland bryt inn:
– Men me skal laga den beste revyen Volda nokon gong har sett, forsikrar ho.
Årest revy har fått namnet «Dette er Per-Christian sin PC». Revygjengen skriv blant anna dette om revyen: Ein revy om verkelegheita. Den digitale verkelegheita. Eller…Korleis var dette med verkelegheit igjen? Vi logger oss inn, Dette er Per-Christian sin PC.
Lange tradisjonar
Den tradisjonsrike studentveka i Volda har vore eit fast innslag i studiebygda sidan 1985, med eit rikt program av kulturarrangement og opplevingar for livet. Festivalen er arrangert av Studentsamfunnet i Volda, i tett samarbeid med Studenthuset Rokken, Studentsamskipnaden og Høgskulen i Volda.