Historie: Vegen til mange ulike jobbar

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: HVO

- Oppdatert

- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som elskar jobben sin. For henne gjekk vegen frå utdanning til å bli rådgjevar for Interkommunalt arkiv. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. For kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!) 


- No har eg verdas mest spanande jobb! 

Åsta Vadset, tidlegare historiestudent, elskar jobben sin som rådgjevar for Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal. Ho skildrar den som ein slags arkivdetektiv. – For å seie det litt fjasete. Men det er jo i prinsippet det eg er, og har vore heile yrkeslivet mitt. Eg jaktar på enkeltopplysningar i enormt store arkivmengder, fortel ho. 

Historiker Åsta Vadset. Foto: Piotr Cabajj, SEDAK.
Historiker Åsta Vadset. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK.


Kvifor historie? 

For å bli arkivdetektiv, eller rådgjevar, må du forhalde deg til faktaopplysningar og konteksten i kvar enkelt sak, forklarer Åsta. - Og ha evna til å analysere seg fram til korleis folk i fortida kan ha tenkt. 
Og dette var noko av kjerna i utdanningsvalet hennar. Åsta fortel at ho valde å studere historie fordi fortida alltid har interessert henne. 
- Korleis menneska levde før, og korleis samfunnsutviklinga har gått føre seg. Ikkje berre dei lange linjene og prosessane, men like mykje historia til enkeltmennesket. Mikronivået. 
Ho valde å ta hovudfag (tilsvarande mastergrad i dag). Og erfaringane frå utdanninga, ikkje berre pensum, har mildt sagt vore nyttig i yrkeslivet, seier ho. 
- Eg har hatt enormt stort utbytte av det metodiske eg lærde gjennom å skrive ei hovedfagsoppgåve. Ein til tider smertefull prosess med mykje opp og nedturar. Der ein på eit vis kjem ut som ei kanononkule! Ein lærer mykje av strev. 


- Historie er eit fantastisk interessant fag! 

- Kva tips har du til dei som lurer på om dei skal studere historie?
- Historie er eit fantastisk interessant fag! Det handlar ikkje om å pugge tidslinje eller kongerekka. Det handlar om å lære seg ein metode, som også er brukbar på andre felt enn historiefaget. Historie er eit fag som ein ofte tenker kan brukast i skulen eller i akademia. Der er andre moglegheiter enn det! Til dømes arkiv, smiler Åsta. 

Andre som har gått historie har også fått jobb som lærar, er tilsett på bibliotek, i museum og innan media eller kulturbransjen, for å nemne nokre døme. Politiske rådgivarar kan ha stor nytte av ein historiebakgrunn for å forstå og analysere politiske avgjerder og hendingar. Nokre vel å forske. Andre dreg utanlands. Moglegheitene er mange.

Det er dei også om du vil prøve deg som historiestudent ved Høgskulen i Volda!


Fordjuping, årsstudium, bachelor- og mastergrad

Synes du det Åsta fortel høyres spanande ut? Vi har studietilbod til deg som vil studere på fulltid her i Volda, til deg som vil studere på nett og til deg som vil prøve deg på deltid. 

For deg som siktar på ein mastergrad, kan du velge å gå vidare på Kulturmøte, anten på fulltid eller deltid med ein historiebachelor med deg i pc-veska. Då tek du utgangspunkt i faga historie og religion, og lærer om møter mellom kulturar, media og samfunnet vårt, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

Vel du vegen til læraryrket, kan du mellom anna gjere det ved å bygge på med ei Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).  

Lurer du på noko, er du alltid velkomen til å ta kontakt med oss!


PS! Vil du møte fleire noverande eller tidlegare studentar, vil vi tilrå deg å følgje Høgskulen i Volda i sosiale kanalar. På Instagram får du mellom anna innblikk i studielivet og kan stille spørsmål til dei som tek over kontoen vår der.

Del på