Ho er ny studiedirektør: – Eg ser fram til å vidareutvikle berekraftige studietilbod

Ho har mangeårig erfaring som næringslivsleiar, har vore seksjonsleiar i Viken fylkeskommune og vunne VM i rafting. No har Gerd-Mette Vatne Drabløs tatt til i stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda.

Studiedirektør Gerd-Mette Vatne Drabløs

Gerd-Mette Vatne Drabløs er ny studiedirektør ved Høgskulen i Volda. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

Tekst: Guest author

- Oppdatert

Del på:

Ho har mangeårig erfaring som næringslivsleiar, har vore seksjonsleiar i Viken fylkeskommune og vunne VM i rafting. No har Gerd-Mette Vatne Drabløs tatt til i stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda.

– Høgskulen i Volda er eit vitalt og attraktivt tilbod ut i distriktet, med ei heilt unik plassering. Dette er ein kompetanseinstitusjon som har lange tradisjonar, og som har framtida føre seg. Det ligg veldig godt til rette for å utvikle HVO vidare, seier Gerd-Mette Vatne Drabløs.

Ho tok til i stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda (HVO) måndag 20. februar og skal ha det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene ved HVO, evaluere studietilboda, utarbeide statistikkar og analysegrunnlag som avdelingane vidare skal bruke i sitt kvalitetsarbeid.

– Eg gler meg til å arbeide med og løfte fram høgskulen og studietilboda på fleire måtar, seier Vatne Drabløs.

Flyttar heim etter 33 år

Den nye studiedirektøren kjem opphavleg frå Volda, og har no flytta tilbake til heimbygda etter å ha vore borte i 33 år.

Etter grunnskulen i Volda flytta ho til Oppdal til fordel for landstilbodet i alpint. Frå 1992 og fram til 2017 arbeida ho også i Opplev Oppdal der ho gjekk frå å vere guide til å eige bedrifta. Så byrja ho å fordjupe seg i vassporten rafting.

– Etter kvart dukka moglegheita opp for å konkurrere, smiler studiedirektøren.

I 2015 konkurrerte Vatne Drabløs og laget hennar i verdsmeisterskapet i rafting i klassen Masters Ladies, og dei stakk av med gullmedaljen!

Samstundes som ho var i Opplev Oppdal utdanna Vatne Drabløs seg ved NTNU med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Etterpå byrja ho å undervise ved Oppdal vidaregåande skule, noko ho gjorde fram til 2017.

Dei fem siste åra har ho arbeida i Buskerud og seinare Viken fylkeskommune, der ho jobba som seksjonsleiar i avdeling for kompetanseutvikling.

– Det tek tid å opparbeide seg erfaring og kompetanse, og eg har vore oppteken av å utvikle meg og få kompetanseheving. Eg likar folk og det å vere personalleiar, og gjorde i 2017 om å gå vekk frå undervisning og meir inn på organisasjon og leiing, seier Vatne Drabløs.

– Veldig motivert

Studiedirektøren tykkjer at feltet ho no skal arbeide med er spennande og likar det godt.

– Etter intervjurunda til denne stillinga vart eg veldig motivert, og eg tykkjer at HVO har ein veldig spennande profil. Eg ser fram til å vidareutvikle berekraftige studietilbod som er attraktive for studentar, seier Vatne Drabløs og held fram:

– Volda er ein spennande stad for studentane både med naturen og dei opplevingane ein kan få her, og kultursida med Rokken, konsertar og fleire andre kulturtilbod. Volda har to av dei viktigaste fortrinna, og eg er trygg på at studenttilboda i Volda er unike. Ein skal ikkje føle at ein manglar noko i forhold til storbyen, og åra studentane har her vil bety veldig mykje for dei i framtida.

Del på: