Høgskulen samarbeider med tre kommunar om ny leseplan for grunnskulen

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Tre kommunar på Sunnmøre samarbeider med Høgskulen i Volda om å lage ein felles leseplan for grunnskulane. I skuleåret 2023–24 skal leseplanen takast i bruk.

Negativ utvikling i leseresultat på nasjonale prøver, i kombinasjon med andre observasjonar og kartleggingar, gjorde at kommunane Ulstein, Herøy og Sande gjekk saman om eit felles prosjekt om lesing i skulen.

Høgskulen vart involvert gjennom Dekomp, Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule, som starta opp i 2019 og fokuserer på lesing.

Det overordna målet med prosjektet har vore å styrke og heve leseopplæringskompetansen til lærarane. Satsinga gjeld frå første og til og med tiande klasse.

– Bygd opp frå grasrota

– Vi såg eit behov for å utvikle ein tydeleg struktur og ei progressiv oppbygging over begynnaropplæring, lesing som grunnleggande dugleik og lesing i alle fag på 1.–10. trinn, seier Brit Synnøve Torvik til Nynorsksenteret.

Brit Synnøve Torvik, fagleiar for oppvekst i Herøy kommune
Brit Synnøve Torvik, fagleiar for oppvekst i Herøy kommune.

Ho er fagleiar for oppvekst i Herøy kommune og har koordinert arbeidet for dei tre kommunane under heile prosessen. Den gode forankringa dei oppnådde gjennom nettverksarbeida, har vore positiv i denne satsinga, meiner Torvik.

Leseplanen er eit resultat av gruppearbeid som om lag 300 lærarar har delteke i. På denne måten har alle lærarar fått vere med på å gje innspel til planen. Han er bygd opp frå grasrota, og sidan han er digital, er han også dynamisk og kan utviklast vidare, seier ho.

Torvik synest det har vore veldig kjekt og inspirerande å følgje denne satsinga.

– Samarbeidet med høgskulen har vore gjensidig og godt, og lærarane i ressursgruppa er svært dedikerte i arbeidet sitt, seier Torvik.

Rektor ved Ulstein skule, Synnøve Haug, legg til at det har vore veldig viktig å ha høgskuleperspektivet med seg inn i arbeidet for at dei skal kunne sjå heilskapen i leseopplæringa frå 1. til 10. trinn.

Tre kommunar samarbeider med Høgskulen i Volda om å lage ein felles leseplan for grunnskulane.
Rådgjevar Toril Margrete Romestrand Hjelle (t.v.) frå Høgskulen i Volda, rektor Synnøve Haug ved Ulstein skule, lærar Maria Myrene Vågsæter ved Ulstein skule og høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke frå Nynorsksenteret. Foto: Ingvild Myklebust Hovden / Nynorsksenteret

Fleire suksessfaktorar

Frå Høgskulen i Volda er det Toril Romestrand Hjelle, rådgjevar for Dekomp, førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand ved Institutt for språk og litteratur og høgskulelektorane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Isabella Pareliussen ved Nynorsksenteret som har bidrege inn mot samarbeidet.

– Nokre av suksessfaktorane i dette samarbeidet har vore lengda, avgrensa fokus og klart eigarskap frå kommunane. Mot slutten fekk vi inn flinke ressurslærarar også, men dei første åra hadde vi møte direkte med skuleleiingane i dei ulike kommunane, og dessutan har vi vore med på lærarmøte saman med skuleleiingane. Dette har gjort at prosjektet har fått status på skulane, seier Fiskerstrand.

Ho trur også at lærarane har opplevd å bli lytta til, og at dei har fått kome med innspel på utfordringar som dei kjenner på i kvardagen.

Høgskulen har også bidrege med forskingsbasert kunnskap som faginnlegg, som skulane har arbeidd med på eigen skule og i fellesskap med dei andre skulane internt i kommunane og på tvers av dei tre kommunane.

– I tillegg har vi delteke i lærarane sine erfaringsdelingar, der vi har fått nyttig kunnskap om erfaringar med utprøving av forskingsbasert kunnskap i praksis. Dette siste året har lærarane i partnarskapet laga ein felles digital leseplan for dei tre kommunane. Denne planen er no lansert og skal implementerast i kvart enkelt skule sitt arbeid med lesing, og planen skal gje elevane vidare utvikling i leseferdigheiter, seier Bjørlykke Øvereng.

– Elevane si eiga lesing er sjølvsagt det som er i hovudsetet. Berre det at gode tiltak vert sette inn, med ein gong lærarane oppdagar at det trengst, kan få store og gode ringverknader, held Pareliussen fram.

– Ei god hjelp for lærarar som står i ein travel arbeidskvardag

Leseplanen omfattar lesing i alle fag i skulen og legg vekt på rolla til læraren/pedagogen. Den vaksne er modell i alle situasjonar, gjennom innlæring av ulike metodar og læringsstrategiar og gjennom å motivere til lesing. I leseplanen finn lærarane mellom anna tips til korleis dei kan arbeide med rettleidd lesing.

Leseplanen er delt inn i to delar: éin del med plakatar for kvart klassetrinn som inneheld stikkord for korleis ein kan arbeide med lesing på dei ulike trinna, og éin digital del med utfyllande informasjon, ressursar og hjelpemiddel for å nå kompetansemåla.

– Eg tenkjer at planen er ei god hjelp for lærarar som står i ein travel arbeidskvardag og raskt skal finne tak i stoff og idear til korleis ein grip an utfordringar knytte til lesing, seier Pareliussen.

Den andre delen inneheld også lenkjer til aktuelle tips som til dømes boktips frå Nynorsksenteret og tiltak etter kartleggingsprøvene for 3. klasse som Nynorsksenteret har vore med på å utarbeide. PPT og Bibliotektenesta har eigne sider, og det er også eigne kapittel retta til føresette.

Del på