Høgskulen søker eksamensvakter

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kan du eller nokon du kjenner tenkje seg å vere eksamensvakt? Høgskulen i Volda søkjer fleire eksamensvakter frå vårsemesteret 2024, både vanlege vakter og hovudvakter.

For å kunne gjennomføre eksamen er høgskulen avhengig av dyktige eksamensvakter, og søkjer difor no fleire som kan tenke seg å vere der på denne viktige dagen for studentane. 

Eksamensvakter kan vere pensjonistar eller andre som har anledning til denne typen arbeid. Eksamensvaktene må kunne kommunisere godt på norsk, og bør kunne kommunisere på engelsk. Hovudvaktene må ha grunnleggande digital kompetanse.
Eksamensvaktene har eit særskilt ansvar for å få eksamen i gang, dei følgjer med på at alt går som det skal under eksamen og følgjer studentane ut på lufting/toalett. 

Hovudvaktene skal i tillegg ha eit overordna ansvar for dei andre eksamensvaktene, og gi informasjon til studentane om eksamenen på starten av dagen. 

Som eksamensvakt må ein vere påliteleg, observant og vennleg. Arbeidsdagen vert mellom fire og åtte timar dei dagane ein vert sett opp på planen. 

Naudsynt opplæring vert gitt.

Eksamensvaktene lønnast etter pensjonistlønn (p.t. 233 kr i timen). Interesserte kan ta kontakt med Hilde Kristin Elvestad, tlf 700 75 113. 
 

Del på