Ivar Aasen-huset er historie for HVO

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Etter over 50 år har dei siste lærarane låst kontora sine, studentar forlate undervisningsroma og den siste boka i bohandelen i Ivar Aasen-huset er selt.

Ivar Aasen-huset sto klart i 1971 i samband med at Distriktshøgskulen i Volda (DH) vart etablert. Huset har vore nytta til undervisning med auditorium, undervisningsrom og grupperom, og har også innehalde kontor, bokhandel og lokale til studentradio. I dei første åra romma det også bibliotek og kantine.

HØYR RADIOREPORTASJE: NRK Møre og Romsdal var innom Ivar Aasen-huset og laga radioreportasje dagen etter at høgskulen var ute av huset. Dei hadde med seg professor emeritus, Kåre Heggen, som starta å undervise i huset nesten frå det sto klart.

Kanskje tilbake på gamle trakter?

Huset har vore eigd av Volda kommune i det aller meste av tida, no er det investeringsselskapet Sisa invest som eig det. Høgskulen har vore leigetakar av huset heile vegen, med ein avtale som gjekk ut 29. februar 2024.

Frå 1. mars 2024 rår Sisa invest over huset, som dei vil rive, før dei har store planar om utbygging på tomta.

Høgskulen i Volda vurderer å bli leigetakar i det nye bygget, og kan såleis kome tilbake på gamle trakter ganske raskt.

Bokhandel flytta til sentrum

Bokhandelen som har halde til i Ivar Aasen-huset er flytta til Norli i sentrum av Volda. Dei har overteke den delen av drifta Akademika hadde med pensumlitteratur og akademiske bøker mynta på studentar og tilsette ved høgskulen.

Du kan enten stikke innom butikken eller kontakte dei på fagbok.volda@norli.no for spørsmål om bøker.

Del på