Kjenner du ein eller fleire stjernelærarar på høgskulen?

Tekst: Per Straume , Foto: Karl A. Swanstrøm

- Oppdatert

Om du har opplevd forelesingar som har gjort deg stum av beundring, nyskapande undervisning eller noko heilt anna som utmerkar seg positivt med ein lærar eller eit fagmiljø – ta tastaturet fatt og send nominasjon til Pris for kvalitet i utdanninga 2023. Obs! Frist 1. november.

Prisen blir delt ut kvart år ved Høgskulen i Volda, og er ei anerkjenning til eit fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan eit fagområde, studium eller eit emne ved Høgskulen i Volda.

Kva blir det lagt vekt på?

Ved tildeling av prisen skal det leggast vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. 

Det blir lagt vekt på god evne til formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer. 

Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling.

Nominer her

Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga skal vere grunngitte. Frist for å nominere er 1. november.

Kan gi 50.000 kroner

Det er Høgskulestyret som tildeler prisen, etter innstilling frå Utdanningsutvalet. Tildelinga er planlagt å skje i styremøtet i desember. 

Prisen er på 30.000 kroner til enkeltperson og 50.000 kroner til fagmiljø. Pengane skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i utdanning, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til utdanningsarbeid. 

Del på