Krysspress i barnehagen samlar 500 barnehagefolk

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Det blir stilt store, og dels motstridande, krav til barnehagane. Denne veka samlar nær 500 barnehagefolk seg i Ålesund for å drøfte dette krysspresset under Barnehagekonferansen 2019.

Barnehagelærarane står i eit krysspress frå ulike kantar, med motiv og ønskjer som ikkje alltid let seg foreine. Offentlege planar, politikarar, myndigheiter og foreldre meiner gjerne noko om kva barnehagane kan og bør arbeide med. Dette krysspresset er det overordna temaet på Barnehagekonferansen 2019 i Ålesund 31. oktober og 1. november. Konferansen er eit årleg samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningforbundet Møre og Romsdal.

Kva er «tidleg innsats»?

«Tidleg innsats i utdanningspolitikken – motiver, mål og motsetningar» var tittelen på eit av foredraga torsdag. Jon Kaurel, seniorrådgjevar i Utdanningsforbundet, meinte det  er grunn til å stille spørsmål ved kva som eigentleg meinast med «tidleg innsats». 

Jon Kaurel
Jon Kaurel

– Heilt sidan omgrepet var lansert i ei stortingsmelding i 2006, har «tidleg innsats» vore svaret på mange utfordringar i barnehage og skule. Men kva betyr det eigentleg? I nokre samanhengar, mellom anna i offentlege styringsdokument, kan det sjå ut som om barn blir møtt, sett og forstått som eit potensielt problem. Eit problem som vi kan kurere med «tidleg innsats». Dette har nokre etiske sider som det er stor grunn til å diskutere, sa Kaurel og heldt fram:

– Og når nokre snakkar om at ein 2-åring heng etter når det gjeld matematiske ferdigheiter, då er på tide å stille spørsmål om kor tidleg «tidleg innsats» begynne.

Barnehagelærar i eit spenningsfelt

Gerd Sylvi Steinnes, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, og Marit Bøe, førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Norge, sat begge i ekspertgruppa som i 2018 leverte ein rapport om barnehagelærarrolla, på bestilling frå Kunnskapsdepartementet. Under Barnehagekonferansen la dei fram nokre av funna frå studiane knytt til rapporten. 

Gerd S Steinnes og Marit Bøe
Gerd Sylvi Steinnes (t.v) og Marit Bøe

– Ei overordna utfordring for barnehagelæraren er å handtere og manøvrere innafor grunnleggjande spenningar og å treffe gode val til beste for barna sin trivsel og allsidige utvikling. Det vil seie at barnehagelæraren må gjere profesjonelle vurderingar av kva som er viktig i bestemte situasjonar, og kvifor det er viktig. God profesjonsutøving vil vere å manøvrere i ei rekkje spenningar. Dette er ei krevjande rolle, men som barnehagelærarane jamt over taklar på ein utmerkt måte, sa Bøe og Steinnes.
 

Del på