Kva skjer i Volda?
For studentane i Volda kjem høgdepunkta på rekke og rad i 2025! Sjå alt det morosame og sosiale som ventar i studiebygda her.
For studentane i Volda kjem høgdepunkta på rekke og rad i 2025! Sjå alt det morosame og sosiale som ventar i studiebygda her.
Vi har samla ei liste over arrangement, festivalar og anna kjekke ting du kan gjere i Volda i 2025. I tillegg til dei som er lista opp her, er det mange mindre arrangement og aktivitetar, gjerne i regi av dei mange studentorganisasjonane som finst i Volda. Les meir om det nedst i artikkelen.
VEKA 7.–15. februar
Veka er studentveka i Volda, som byr på svært mykje moro over to veker. Veka feirer 40 år i 2025 og vil by på mange magiske opplevelser i jubileumsåret. Den velkjende studentrevyen pangopnar tradisjonen tru Veka og vil nok også i år by på ei rekke latterkuler. Rokken vil bli fylt med fleire store namn på scenen og anna underhaldning desse to vekene.
X2 Festivalen 30. april–3. mai
X2 Festivalen fyller 20 år i 2025 – takk for det gode tilskotet festivalen er til Volda. Under X2 Festivalen 2025 kan du delta, eller være tilskodar, til ein haug av ekstreme sportar, interessante foredrag frå internasjonale foredragshaldarar, eller berre slå deg laus på konsertgolvet med nokre av dei beste artistane Norden har å by på! Snøbrett, ski både opp og ned i ville sunnmørstindar, luftsportar, skateboard, longboard, surfing, elvepadling, yoga og meir til – det er berre å glede seg.
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen (DOKFILM) 4.–6. juni
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen vart starta i 1997 og er med det Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival. Den trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg.
Bygdepride i mai
Bygdepride blei den første prideparaden i distrikts-Noreg då den vart marsjert i gang i 2018 med eit folkehav i paraden og langs gatene i Volda. Det var starten på eit eventyr som også held fram i 2025. Det har brukt å bli arrangert i mai. Dei siste åra har det blitt til ei veke med feiring, konsertar og fleire andre kjekke arrangement.
17. mai
Studentane har sin eigen plass i toget under høgskulen, eller dei kan gå under andre faner i toget. Mange studentar har det veldig og sosialt på nasjonaldagen og møtes ofte til en felles frukost og har det gøy saman.
Fyrstehjelp i eksamenstida i mai
Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, frukost og kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart som har vore ein braksuksess blant studentane tidlegare.
Fadderveka i august
Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein knallstart på studielivet i Volda – bli godt kjend med kvarandre og studiebygda. Her skapast mange vennskap som vennskap som vil vare livet ut.
Vrøvl i Volda 24.–27. september
Dei tidlegare Volda-studentane Mathias Karlsen Bratli og Tormod Brekke Øye har gjort stor suksess med ulike humorkonsept på scener i hovudstaden gjennom produksjonsselskapet sitt Vrøvl, og står også innimellom standup sjølve. I 2024 tromma dei saman humorfestivalen VRØVL i Volda, som vart ein stor suksess. Tidlegare Volda-studentar kom tilbake til bygda og sto på scena saman med andre kjende humornavn – samtidig som dagens studentar også fekk prøve å gjere standup, og ikkje minst le seg skakk i salen. Vrøvl bygger videre på det suksessfylte førsteåret og utvidar i tillegg festivalen med éin dag.
Forskingsdagane i september 19.–25. september
Forskingsdagane brukar å gå føre seg i september. Dei gjev kvart år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. Her det stor breidde i arrangementa, så følg med når programmet blir sloppe.
Fyrstehjelp i eksamenstida i november
Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, gratis frukost, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart ein braksuksess blant studentane.
Musikkfestivalen Bygdesus, med Studenthuset Rokken som scene, har tidlegare blitt arrangert i oktober. Kanskje vil den også bli arrangert da i år også.
Quiz, temakveldar, lydvandring….
I tillegg til dette er det utruleg med liv og røre rundt om i Volda. Pangaia gjer mykje sosialt for alle studentar i Volda med blant anna internasjonale kvelder, på Studenthuset Rokken er det full rulle året rundt med kulturell moro. Alle studentorganisasjonane i bygda er med på å komplettere dette med sine arrangement og fine påfunn.
For dei som elskar quiz er Volda staden. På Rokken er det quiz kvar onsdag – ein populær quiz som ofte blir fullteikna. På Tredet er det temakveldar, konsertar, stand up og anna moro. Brør mat og bryggeri byr på temakveldar.
Kanskje du vil oppleve Volda på ein ny måte? - Sjekk ut lydvandring!
E-sport og toppidrett
Volda er i høgste grad også ei idrettsbygd, og her er det absolutt kampar som er verdt å få med seg for den idrettsinteresserte. KFUM Volda sitt kvinnelag spelar i 1. divisjon i volleyball, Volda handball sitt kvinnelag gjer det same, begge spelar i den flotte Volda Campus Sparebank1 Arena. Volda sitt herrelag i fotball spelar i 3. divisjon, det same gjer kvinnelaget.
Er du interessert i e-sport? Volda E-sport er ein breiddeklubb som jamt og trutt arrangerer turneringar, i tillegg til treningar. Dei har mellom anna hatt turneringar i det nye mediehuset på høgskulen, der medieproduksjonsstudentar har laga mange timars livesendingar av turneringane. No er det også starta opp eige studenttilbod, følg dei på Instagram.
Hold deg oppdatert ved å følge Høgskulen i Volda på Instagram, TikTok og Facebook.
Og, berre eit lite tips til slutt, sjekk gjerne innom orstavolda.no, der finn du ei oversikt over ulike arrangement, turtips, overnatting og meir i Volda og Ørsta.