Lærarar: mange vidareutdanningstilbod å søke på

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Det er framleis ikkje for seint å søke seg inn på ei vidareutdanning frå hausten 2023 av. Høgskulen i Volda har lagt ut ledige plassar utan støtte frå Utdanningsdirektoratet (Udir) i strategien Kompetanse for kvalitet (KfK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB). 

Rekordmange lærarar – heile 337 i talet – vart prioritert av arbeidsgjevar og fekk tilbod frå Udir om å ta vidareutdanning ved Høgskulen i Volda gjennom satsingane KfK og KfB.

Ved ni av tilboda gjennom KfK og KfB er det no mogleg å søke studieplass igjen, men då utan støtte frå Udir. 

Bredt tilbod

Dei aktuelle studietilboda er:

Ved desse studietilboda er det «først til mølla»-prinsippet som gjeld. Studia stenger for søking om dei blir fullteikna, elles vil dei vere open for søking fram til 18. august.

Mange andre ledige studietilbod

I tillegg til studietilboda som er lista opp over her, har Høgskulen i Volda ei rekke andre vidareutdanningstilbod for lærarar som startar opp til hausten og som det er mogleg å søke om studieplass på.

Ledige studieplassar

Det er utdanningar både på heil- og deltid, nokre er samlingsbaserte og nokre reine nettstudium, det er også mastergradsprogram som er tilpassa lærarar. 

Vi håper å sjå deg i Volda til hausten, om det er på deltid eller heiltid, fysisk eller digitalt!

Del på