Lærarstudentane berga undervisninga

10 lærarar vart sjukmeldte på ein gong. Då tok lærarstudentane frå Høgskulen i Volda over på Hornindal skule. – Dei har vore superflinke, seier rektor ved skulen til avisa Fjordingen.

Elin Burås Sylte frå Volda, Anders Tomren frå Haramsøya, Aurora Dimmen Bratli frå Ulsteinvik og Michelle Søreng frå Vestnes. Her med ei 9. klasse ved Hornindal skule. FOTO: ROGER OLDEIDE, FJORDINGEN

Elin Burås Sylte frå Volda, Anders Tomren frå Haramsøya, Aurora Dimmen Bratli frå Ulsteinvik og Michelle Søreng frå Vestnes. Her med ei 9. klasse ved Hornindal skule.  FOTO: ROGER OLDEIDE, FJORDINGEN

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv, Foto: Fjordingen/Roger Oldeide

- Oppdatert

Del på:

10 lærarar vart sjukmeldte på ein gong. Då tok lærarstudentane frå Høgskulen i Volda over på Hornindal skule. – Dei har vore superflinke, seier rektor ved skulen til avisa Fjordingen. 


Kvart år har grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen i Volda såkalla skuleovertaking som ein del av praksisen sin. Då tek dei over alle rollene på ein skule, og fungerer som alt frå rektor til kontaktlærarar. I år var Hornindal ein av skulane studentane skulle få «låne». Timingen viste seg å vere meir enn god: 10 lærarar vart nemleg sjukmelde på ein gong, skriv Fjordingen

- Nokre gonger har ein flaks, seier rektor Gro Mikalsen til avisa. Ho skryt av innsatsen til lærarstudentane i intervjuet: - Dei har vore superflinke. Eg er imponert! 
 


Studentane sjølve fortel om lærerike og utruleg kjekke dagar: – Vi har nok fått øvd oss litt utover dei rammene som er vanleg grunna stort sjukefråvær, men det har gått veldig bra. Skuleovertaking er eit høgdepunkt i utdanninga, så dette har vi vore budd på, seier Aurora Dimmen Bratli, som saman med Anders Tomren var leiarar ved skulen under skuleovertakinga. 


Les heile saka i FjordingenMøre-Nytt eller Sunnmørsposten (for abonnentar). Foto med løyve frå Roger Oldeide i Fjordingen. 
 

 
 

Del på: